Silotaljane, desse elektriske heiseordningane som vi bønder brukar for å ta opp siloen - eller surforet som det heiter på fint -  skal no vere sertifiserte/godkjende før vi kan bruke dei. KSL - kvalitetsikringsystemet i landbruket - er nok kome for å bli og i denne KSL-ordninga høyrer også sertifisering av silotaljen med.  Men kvifor skal desse ulike personane/godkjennarane som dukkar opp vere så lite smidige?  Jau, vi bønder har nok sagt dette mange gonger, men det var før ekteparet Gerd og Ove frå Nes på Ringsaker ved Mjøsa dukka opp...

IMG_4739 (Large)

Ove M. Markeng, maskiningeniør og jordbærbonde.

Ove M. Markeng er utdanna maskiningeniør og han hadde etablert seg i Oslo med arbeid, familie og hus i Oslo, men så døde far hans før pensjonsalder og ikkje lenge etter var Ove og kona Gerd Haug etablerte som jordbærbønder på Nes ved Mjøsa - berre ca. to mil frå der Alf Prøysen vart fødd og vaks opp.

Gerd og Ove har no ca. 80 dekar med jordbær, ikkje Senga Sengana lenger, men no er det sorten Corona som rår.  I sesongen har dei to 40 - 50 polakkar som jobbar for seg.  Likevel vert ein ikkje rik av å vere jordbærdyrkar, seier Ove.  Ikkje berre for å spe på inntekta, men også fordi han likar jobben som maskiningeniør, har Ove i fleire år dreve med godkjenning av lyfteinnretningar og lyftereiskap av ulike slag - også silotaljar.  Difor har han og kona dei siste åra dukka opp to gonger årleg i Hjørundfjorden.

IMG_4745 (Large)

Ove og Gerd.

To gonger i året legg dei ut på turne i 14 dagar til Vestlandet - frå Bergen i sør til Romsdal i nord. Dei legg ikkje skjul på at dei likar seg ekstra godt her i Hjørundfjorden (seier dei det til alle, tru?).  Dei har mange bønder herifrå på besøkslista si for silotaljane skal godkjennast ein gong i året.  Men ein ting er i alle høve sikkert - vi bønder set stor pris på dei to og veremåten deira.  Dei kjem med gode råd - råd som ikkje nødvendigvis kostar pengar og råd som får oss til å forstå kor viktig det er at det utstyret som vi og avløysarane våre brukar, er sikkert og trygt.

I det vi går nedover lødetroppa, stoppar Ove plutseleg og ser opp i fjella.  - Ser du kor vakkert her er, spør han.  Kva skal ein svare til slikt?  Dei to har reist i fjorden her i fire-fem år og til hausten er dei tilbake igjen for nokre vil ha besøk om hausten - andre vil ha vårbesøk.

IMG_4742 (Large)

Ove står i ei korg som han har heist opp i silotaljen.  Så køyrer han seg bortover skjena og kontrollerer ulike punkt og oppheng.

Ove kontrollerer, men skrivearbeidet og telefonsamtalane tek Gerd seg av. Dei kan visst dette med å samarbeide.  Elles er det tydeleg at dei to har blitt kjende med mange - dei hugsar namna og legg merke til kva typer vi er.  Men dei meiner at bøndene dei har møtt i fjorden er trivelege folk.  Det har nok med gjensidig tillit å gjere.  Men ein person vert likevel nemnt spesielt - og han er ikkje bonde (men har traktor).

I fjor sommar overnatta dei to på Sagafjord Hotell.  Dei hadde då høyrt om ein person - ein bussjåfør - som hadde ein slik flott bil.  Dei gjekk seg difor ein tur og fann fram til personen.  Sjølvsagt var namnet hans Jostein Kvistad.  Dei to banka på og dette møtet med Jostein gløymer dei aldri.  Dei fekk ei flott mottaking og omvisning i garasja  og i bilen hans.  Garasja var så ryddig og fin at Gerd fann det på sin plass å spørje om ho ikkje skullet ta av seg skorna før ho gjekk inn.

Ho fekk ha fottyet på, men møtet med Jostein og bilen er no spikra fast til hjernebarken for alltid.  Ein så trivleg bussjåfør har dei aldri møtt - ikkje før, ikkje sidan.

Velkomne tilbake, seier gardbrukarane i Hjørundfjorden til Gerd og Ove.