DSCN1336

Det vert satsa på godt ver også under årets Hjørundfjorddagar 2. og 3. juni.

Hjørundfjorddagane vert haldne den 2. og 3. juni på Sæbø, og det vert som vanleg eit variert program og mange utstillarar. Arvid Urkegjerde er den som toppar utstillarlista i år.

  

Hjørundfjorddagane vert i år opna av Bjørn Sandnes. Han er den nye daglege leiaren av Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, og har sikkert mykje positivt å seie om Hjørundfjorden.

 

Sjølvsagt vert det også Valsen til Hjørundfjorddagane på laurdag.

  

Både laurdag og søndag vert det underhaldning frå karane bak Hoppeslottet. Dette er ei nyvinning for barn i alle aldrar. Dei har med seg enorme plastleikety, ein kval og ein sjøorm m.a., som folk kan gå inn og gjere spennande ting i.  

I messeteltet laurdagskvelden er det først show med Steen, og etterpå vil ein DJ spele fin dansemusikk. På Sagafjord Hotell er det dans.

  image

Edit Flakk Nordang syng på Hjørundfjorddagane, og i år saman med dottera Elise.  (Foto: Marius Beck Dahle)

 

Søndag kjem Elise og Edit Flakk Nordang. For første gong syng mor og dotter i lag. Det vert som vanleg i valkampår politikardebatt, og alle topp-politkarane i Ørsta kjem for å starte valkampen på Sæbø. Det vert elles moteframsyning, og Hjørundfjorden bygdemobilisering vil markere at prosjekta i Sæbø sentrum er klare for bruk.  

 

For fullstendig program, klikk deg inn på aktivitetskalenderen her på hjorundfjord.no