No er våren her endeleg! Sjølv om eg vakna til surt regn og nysnø på dei aller høgste toppane kan vil vel slå fast at våren er komen. Då er det vel på sin plass å ta seg ein liten rusletur i skog og mark.

Eg kom heim frå skulen i dag og rusla opp på kjøkkenet. På kjøleskap døra hang der ein lapp om turprogrammet 2007 til Austefjord I.L og Bjørke I.L. Dette er eit felleskap som idrettslaga har sett opp der turane går til dalar og fjell i nærområdet. Eg la merke til at desse spreke personane(mest damer trur eg?) som er med på dette, allereie hadde sparka i gang fottursesongen med ein tur på Eidsnakken (544m.o.h) v/Bueidet. Komande onsdag var det Lauadalen (585 m.o.h), ved Raudstad i Skjåstaddalen, som stod for tur. Eg tenkte at det var på tide å sette frå seg fjellskina no å komme seg til fjells til fots. Samtidig kom eg på at det er eg som har ansvaret for boka i Lauadalen, den har jo leie nede på rommet mitt og støva nede heile vinteren, sidan 23 oktober i fjor. Dette var det på tide å gjere noko med...

Lauadalen er ein flott tur i noko bratt terreng men med god rås som vart rydda for nokre år sidan. Oppstigninga går raskt og du stig fort i meter over havet. Sjølv om det ikkje var allverdas vèr i dag var utsikta ganske bra, noko ho alltid er frå denne dalen. Litt vått i øvre delar og måtte trakke nokre meter på snø før eg nådde Raudstadsetra. Ein kort og flott tur. Her er nokre bilete frå turen til Lauadalen:

 Bilde 079

Det er blitt grønt i Skjåstaddalen. Fremst ligg Skjåstad, så kjem Morka og Raudstad nærmast.

Bilde 076

Våren er ikkje komen til Lauadalen endå! Det snør på Småskorene, ein fortopp til Storhornet (1600 m.o.h) 

Bilde 073

Surt vèr over Kvistadkjerringane (1433 m.o.h) i midten bak og Kjerringøyra (1414 m.o.h) til høgre. Oddekloven (971 m.o.h) til venstre.

Oversiktsbilete:

Lauadalen

Eit raskt tegna oversiktsbilete!

Når vi er fyrst komen til bilder frå våren kan vi sjå på nokre til. Dette er gårsdagens bilder frå Bakkedalen ved Finnes.

Bilde 082

Trollsk stemning over Bjørkehornet ( 1430 m.o.h)

Bilde 085

 Same fjell. Rokkekjerringa (1543 m.o.h) stikk opp til venstre. Storhornet (1600 m.o.h til høgre.

Bilde 072

Kjendt motiv? Jakta (1588 m.o.h) til venstre (midt på), Risenosa (1554 m.o.h) til høgre.