I går, søndag, vart ein lekter til firmaet PGS slept til kai på Sæbø. Og til lekteren er det festa noko som ser ut som eit oppdrettsanlegg.   Ombord på denne lekteren er det ein teststasjon for seismikk og der arbeider bjørdalingen Vegard Bjørdal.

IMG_0002 (Large)

Vegard Bjørdal ved luftkanonen, G-gun, som skal brukast under forskinga i Hjørudnfjorden dei neste månadane.

Til hjorundfjord.no forklarar Vegard Bjørdal at det altså er PGS som eig denne forskingsstasjonen, men at oppdragsgjevarane ved dette høvet er fleire. M.a. er Møreforsking ein av oppdragsgjevarane, men at det også er fleire oljeselskap som betaler for desse undersøkingane som skal gjerast i/på Hjørundfjorden.

Kva er føremålet med desse seismiske undersøkjingane, Bjørdal?

- Når ein t.d. leitar etter olje under havbotnen brukar ein luftkanoner som ein skyt med under havoverflata.  Så gjer ein viktige målingar.  Eit aktuelt spørsmål er så om denne skytinga fører med seg ulemper av noko slag.  Det er dette vi skal finne meir ut om her på Hjørundfjorden.

Så no kan vi forvente at det flyt opp daud fisk mellom færingane til tyske seifiskarar??

- Nei, slett ikkje.  Vi reknar med at slike seismiske undersøkjingar ikkje gjer skade i det heile, men dette vil oppdragsgjevarane dokumentere.  Dei vil nok syne at dei driv seismisk forsking på ein miljøvenneleg måte.

IMG_0007 (Large)

Lekteren er både lang og brei.

Kvifor er akkurat Hjørundfjorden valt ut som eit passande testområde i denne samanhengen?

- Tilfeldigvis er PGS også stasjonert på Vestnes.  Ein ynskte nok - av praktiske årsaker - å drive denne forskinga i ein fjord som ikkje var for langt borte.

Har denne forskinga akkurat her i Hjørundfjorden også noko å gjere med at her nesten ikkje er oppdrettsanlegg?

- Ja, det skal ein ikkje sjå vekk ifrå.  Det er ikkje så populært at det vert dreve med seismiske undersøkjingar i nærleiken av oppdrettsanlegg.

Så då er vel også ulike oppdrettsfirma med å betaler for denne forskinga i Hjørundfjorden?

- Jaa..., både lakseoppdrettfirma og eit torskeoppdrettfirma er med og betaler.

Til hjorundfjord.no understrekar  Vegard Bjørdal at firmaet sjølvsagt har innhenta løyve frå dei rette instansane til å drive desse undersøkjingane i Hjørundfjorden.  Han opplyser også at denne teststasjonen skal vere på fjorden heilt fram til september månad.  Dei brukar å arbeide 10 timar om dagen, men om natta er planen at lekteren skal slepast inn til kaia til Sæbø DS Ekspedisjon på Sæbø.

Eit spørsmål til slutt, Bjørdal - kvifor i alle dagar slepar de rundt på eit oppdrettsanlegg?

No er det ikkje montert merde under det du kallar eit oppdrettsanlegg, men vi brukar denne grinda til å feste lytteutstyr m.m. til.  Det er altså mykje arbeid som skal gjerast, men vi startar ikkje før på onsdag.  Slepebåt til lekteren er nemleg ikkje ledig før den dagen.