Sæbø 005

Nøgde trenarar på sidelina. F.v.: Sverre Børge Hjorthaug(lagleiarassistent i skadefråveret), Ole Sunde og Jan Kjetil Holen (skåra straffemål igjen).

Før kampen var litt uvisse i Sæbø-leiren over kva lag Flø ville stille. Laget har nemleg banka motstandarane ned i støvlane i heimekampane sine, med eks-høddarane Geir Televik og Per Ivar Meinseth i spissen. Men på bortebane er ikkje desse med. Det var dei heller ikkje måndag.

Sæbø 006

Stig Harald Myklebust debuterte med ein god kamp i midtforsvaret til Sæbø.

Sæbø opna godt, og hadde ballen mykje i laget. I byrjinga av kampen var Flø giftige på kontringane sine, men etter kvart dabba laget av.

Sæbø tok leiinga etter tjue minutt. Jan Tore Sæbønes la inn i feltet, og om lag frå straffemerket fekk Marius Riise kontroll, og skaut ballen i mål.

Utover i omgangen hadde Sæbø fleire store sjansar. Den største hadde Marius Riise då han runda målvakta, men sende skotet utanfor.

På den andre sida av bana rydda Kristoffer Valseth fint opp, og hadde m.a. ei meisterleg redning på eit godt skot. Kris fekk slått ballen til hjørnespark.

Sæbø 001

Skadeplaga: Yngve Frøland måtte forlate bana etter berre ti minutt med lårstrekk. Skadelista til Sæbø byrjar elles å verte lang: Øvind Wille (strekk), Sverre Børge Hjorthaug (akillesoperert), Jan Kjetil Holen (kjenner det luggar) og Ole Sunde (strekk).

I andre omgang hadde Sæbø nokre store sjansar før Flø utlikna etter fem minutt. Det vart feila i Sæbø-forsvaret slik at Andre Vikebakk fekk ballen. Han snudde seg og skaut i lengste hjørnet for Valseth.

Sæbø kom tilbake. Midtveges i omgangen vart Terje Holen spelt igjennom. Han vart dytta overende, og dommarveteranen Oddmund Kaldhussæter gav Sæbø straffespark. Det sette Jan Kjetil Holen sikkert i mål, til venstre for Flø-målvakta.

Fem minutt seinare vart det 3-1. Marius Riise gjorde arbeidet sjølv, og fyrte av frå atten meter. Ballen gjekk via ein Flø-forsvarar og i mål.

Utover i omgangen hadde Sæbø fleire mulegheiter til å auke. Både Marius Riise og Kai Skår burde ha skåra. Flø hadde også ein ball i nota, men skåringa vart aldri godkjent då det var offsidel.

Dermed vart det tre  nye Sæbø-poeng, og laget står med full pott etter fire kampar. Neste kamp for laget er borte mot Gjerdsvika måndag 21. mai.

På Sæbø spelte debutanten Stig Harald Myklebust godt i midtforsvaret. Stig Harald flytta til bygda i fjor, og har alt markert seg som ein ivrig mann for idrettslaget. Framover på bana eigde Espen Frøland og Terje Holen midtbana, og Marius Riise byrjar å nærme seg forma på topp. I det heile viste laget mykje betre takter enn i siste heimekamp, mot Volda2. 

Tabell 6. divisjon

1 Bergsøy 2                     4 0 0  18-6  12

2 Sæbø                        4    4 0 0  13-5  12

3 Flø                            4    2 0 2  20-10  6

4 Volda 2                      3    2 0 1    4-3    6

5 Moldtustranda           3    1 1 1    6-5    4

6 Tjørvåg                      2    1 1 0    6-5    4

7 Hjørungavåg              4    1 1 2    5-18  4

8 Hødd 3/Hasundgot     3    0 1 2    5-10  1 

9 Kvamsøy/ÅVK 2       3    0 0 3    9-13  0

10 Gjerdsvika               2    0 0 2    2-6    0

11 Åheim                      2    0 0 2    4-11  0

Sæbø 002

Trass i regnveret er folk trufaste på Eksperthaugen. F.v.: Askjell Hustad, Ola Valseth, Ola Sæbønes, Oddvar Olsen, Magnar Aklestad, Torbjørn Riise og Ole Johan Riise.

Sæbø 004

Det gjeld å finne seg ein plass med god utsikt, slik Svein Jon Holen har gjort.