Bygdeutvikling var tema på bygdeutviklinga, og innlegget frå Hjørundfjord vart teke godt i mot. Arrangørane for konferansen plukka ut bygdeutviklingsprosjektet i Hjørundfjorden til å representerte bygdemobiliseringane som er i gang i fylket, mellom anna fordi Hjørundfjord-prosjektet har konkrete resultat å vise til.

Syltebø og Rune

Landbruksdirektør Ole Syltebø og Hjørundfjord bygdemoblisering sin representant Rune Sæbønes

Hjørundfjord bygdemobilisering sende Rune Sæbønes frå styringsgruppa til å presentere prosjektet. Han har tidlegare også vorte sendt til Molde, der han presenterte prosjektet for nye bygdeutviklingsprosjekt i Møre og Romsdal. Det var i februar.

Arne Magnus Aasen

Leiar Møre og Romsdal bondelag Arne Magnus Aasen

Geiranger-konferansen starta med betraktningar frå leiar i Møre og Romsdal bondelag, Arne Magnus Aasen, om behovet for og realismen i eit allsidig landbruk over heile fylket.  Deretter presenterte Malene Aaram programmet hoppid.no, som skal få fram fleire og betre etablerarar i fylket. Hoppid.no er no godt i gang med arbeidet, og det blir satsa på mobilisering, opplæring og betre rådgjevingstenester.

Anna Tokle Amundsen
Anna Tokle Amundsen

Anna Tokle Amundsen presenterte prosjektet Ung i Møre og Romsdal. Det er ei samordning av alle ungdomsretta tiltak som Møre og Romsdal fylke driv med. Amundsen la stor vekt på at ungdomen må gjevast tillit og få ansvar og medverknad.

Rune på Molde
Rune Sæbønes presenterer her bakgrunnen for prosjektet i Hjørundfjord. (Bilete frå Molde i februar)

 

Der etter var det Sæbønes sin tur. Han presenterte bakgrunnen for prosjektet i Hjørundfjord, som er eit fallande folketal, og behov for nyskaping. Hjørundfjord-prosjektet er todelt, og går på trivselstiltak og næringstiltak. Arbeidet med trivselstiltak har vorte prioritert til no, og Sæbønes peika på at i løpet av eit år har mykje skjedd. Ikkje minst gjeld det opprustinga av elverampa og no fornyinga av Sæbø sentrum med skyssbåtkai, promenande og småbåthamn.

Sæbønes fortalde at arbeidet med næringsutvikling er så vidt i gang, og at det er bestemt at det skal satsast på sysselsetjingstiltak som er stadbunden og berekraftig. Det gjeld særleg tiltak knytt til landbruk og reiseliv.

Sæbønes fortalde også at det er store utfordringar. I bygdemobiliseringsarbeidet handlar det om å få med ungdom, og om å få med fleire delar av fjorden. Og så er sjølvsagt hovudutfordringa å greie å stoppe folketalsnedgangen, få tilflytting og få ungdommar til å vende tilbake etter endt utdanning.

Innlegget vart godt motteke, mellom anna fordi Hjørundfjord-prosjektet kan vise til resultat, og fordi organiseringa er slik at mange folk er med gjennom dugnader og ymse prosjektgrupper.