Dagfinn Strand - Daffa - har igjen  mjølvogna si klar og kona Kanutte - Nutte - vil snart fylle opp hyllene i butikken/kafeen med ferkse brød og andre bakarvarer.  Opningstidspunktet er den 23. mai klokka 1000.

IMG_5373 (Large)

Daffa har allereie fylt opp mjølvogna si...

IMG_5372 (Large)

...og Nutte vil snart fylle opp hyllene i butikken/kafeen.

I starten vil opningstidene vere frå klokka 1000 til 1600 på kvardagar og frå klokka 0930 til 1400 på laurdagar.  Nutte og Daffa ser ikkje vekk ifrå at opningstidene kan verte utvida noko utvida når ferietida nærmar seg.

Daffa vil som vanleg lage hjørundfjordbrød, ørstabrød, grovbrød, halvfint brød, loff, skulebollar, timpe, wienerbrød, bollar....osb.  Brøda vil sjølvsgt verte steikte i bakaromnen som er av stein.

IMG_5370 (Large)

Her dreg Daffa ei tralle med ferdigheva hjørundfjordbrød ut av raskeskapet.

Kafeen har same opningstider som butikken.  Til hjorundfjord.no opplyser Daffa at det berre er å ta kontakt på tlf. 957 08723 dersom du ynskjer å kjøpe brød i større kvanta ein dag, eller vil kjøpe mykje julebrød i juli...

Til slutt ynskjer Nutte og Daffa alle hjørundfjordingar, ørstingar, andre tilreisande eller turistar frå inn- og utland hjarteleg velkomne til butikken i Strands Bakeri på Sæbø.  Eller ynskjer du berre ein kopp kaffi og eit wienerbrød i kafeen?  Du er hjarteleg velkomen då også.