Det er ikkje berre i Noreg at 17. mai blir feira, også her nede i Sydney er dette ein stor dag for nordmenn. Den blir nesten større for oss nordmenn som er utanlands enn den er for dykk heime i Noreg.

Her nede har vi i ANSA, den norske studentorganisasjonen for utanlandsstudentar, no i fleire år stått for feiringa av den norske nasjonaldagen for studentane her nede. Og dette er ein av dei viktigaste hendingane for norske studentar. Det fyste eg fikk høyre når eg kom hit ned var kor stort det var og feire denne dagen her nede, og etter og ha vore med på to feiringar må eg seie meg einig i dette. Det er ein verkeleg stor dag, og det er det einaste arrangementet som greier å samle i allefall snart halvparten av alle dei norske studentane i Sydney og heile New South Wales. Også i dei andre store byane i Australia feirar ANSA denne dagen, og alle byane har godt oppmøte på denne dagen.

Det å få vere med å arrangere denne dagen for dei norske studentane her nede er ei stor oppleving. Det er ganske mykje arbeid involvert i det, men er det vert alt arbeid som vi i ANSA Sydney sitt bystyret har lagt ned. Allereie i midten av mars starta vi planlegginga av denne dagen, og det har blitt lagt ned ganske mange timar i planlegginga og forberedelsane av denne dagen.

Oppblåsinga av ballongar kvelden før

 

For oss i styret så starta feiringa allereie kvelden i førevegen med pynting av lokale som skulle brukast til middag og kveldsarrangementet. Her pynta vi med ballongar i raudt, kvitt og blått, serviettar med norsk flagg og skåler med seigemenn og bamsemums. Det norske flagget var og eit sjølvsagt innslag.

Skåler med seigmenn og bamsemums

Sjølve dagen her i Sydney start i Hyde Park der alle samla seg kl 11. Dette arrangementet blir holde av ANSA i samarbeid med Sjømannskyrkja her nede. Her har hadde vi barneleikar, utdeling av bollar og saft, vi hadde ein auksjon til inntekt for noko som heiter Thailandsprosjektet. Dette er eit prosjekt der dei norske studentane i Australia, New Zealand og Singapore støttar drifta av ein barneheim i Thailand. Arrangementet i Hyde Park vart avslutta med allsong av dei standard norske 17 mai songane, i år hadde vi til og med musikk til allsongen. Vi greidde å lage eit korps med tidlegare korpsmedlemmar i frå diverse korps i Noreg, heile 10 stk stilte opp og hadde 2 veker til og øve inn 17 mai repertoaret. Dette var prikken over i’en for årets arrangement.

Utdeling av bollar og saft i Hyde Park

Etter parken var det 17 mai tog gjennom gatene i Sydney. I fleire år no har politiet her nede vore med på å stenge av gater for oss slik at vi faktisk kan få ha eit stort fint tog her nede. Dei stiller til og med med politi eskorte for oss, i år var vi nok ein plass mellom 200-300 personar i toget, med stort og smått. Både fastbuande nordmenn og studentar deltek på feiringa i Hyde Park og i toget etterpå. I år gikk toget frå Hyde Park til Darling Harbour, det vil seie at to av dei mest trafikkerte gatene i sentrum vart stengde i ca ½ time for at vi skulle få gå i tog. Vi gikk og igjennom handle og forretnings delen av sentrum så vi hadde mange tilskodarar til toget.

17 mai toget i Sydney 2007

Det var moro å sjå korleis folk stoppa opp og såg på oss der vi gikk i tog med ein politibil fremst og bakerst i toget, korps og norske flagg. Hurra ropa rungar i heile togen og norske songar blir sunge. Dette var vel den største oppevinga denne dagen. Det var faktisk betre enn når eg som liten gikk i barnetoget heime.

Politieskort

Etter toget gikk studentane vidar til Pumphouse, som var lokalet der vi hadde middagen og festen på kvelden. Vi starta her kl 14 og hadde baren til kl 1 påfølgande natt, så det vart ein lag dags feiring for oss studentane. For dei andre fastbuande norske her nede og for dei studentane som ikkje vil vere med på studentarrangementet så har og Sjømannskyrkja eit arrangement på ettermiddagen.

Meir 17 mai tog Sydney 2007

Studentarrangementet vart starta med ein med ein quiz for å korte ned på ventetida før middagen. Det var og servert kanapear der norske ingrediensar som laks og potet var viktige innslag. Det var og servert seigamenn og bamsemums, noko som det her nede er heilt vanleg å bruke mellom 1 til 2 timar på reising for å få kjøpt, i og med at det kun er på Sjømannskyrkja vi kan få tak i dei ekte varene. Dette var eit veldig populært innslag i ettermiddagens servering.

Til middag på kvelden var der 91 gjestar, dette var inkludert styret (6 personar) og studentpresten (som var med på festen til langt ut i dei seine timar). Her fikk vi servert kjøttkaker, får i kål og laks til middag og riskrem til dessert (menyen var bestilt på førehand og oppskrifter sendt over). Det beste av alt var at faktisk får i kålen smakte som norsk får i kål. Den smakte akkurat slik som eg er vand med at den skal smake, slik som ho mamma bruka og lage den. Som leiar av ANSA Sydney sitt bystyre var eg dessverre også nøydd til å halde tale under middagen, dette er ikkje ein positivt for meg som hatar alt som heiter å halde talar og det å prate i store forsamlingar, men som dykk sikkert skjønar så har eg overlevd dette ogsåJ.

Middagservering 

Resten av kvelden gikk med til tradisjonell norsk feiring. Det vart spelt norsk musikk, og både Vassendgutaen og SideBrok var representert blant musikken her. Dette kan vere på grunn av det ekstra store innslagt av Sunnmøringar i styret, heile 4 av 6. Oppmøte på kveldsarrangementet var bra, her fikk vi i allfall ein rundt 100 nye gjestar så totalt sett på kvelden så var det nok ein rundt 200 norske studentar der og feira 17 mai saman med oss.

Som vanleg så er det vanskeleg for nordmenn og avslutte ein kveld, så dei som orka det gikk vidare på nachspel etter at feiringa på Pumphouse var avslutta. For dei som var så uheldige å ha førelesning tidleg neste dag så var det berre og pakke saman og kome seg heim (eg var uheldigvis i den siste gruppa).

Det har vore ein kjempeoppleving å få vere med på denne feiringa, og det kjem til å bli litt vemodig å kome heim til Noreg å feire 17 mai neste år. Skjønt no er eg mest glad for at feiringa er over for denne gong. Det har vore ei kjempeoppleving å få vere med på å organisere heile feiringa her nede. Sjølv om det kan bli litt stress av det heile når dette også er den verste tida med innleveringar på alle universiteta rundt om i Sydney. No gjenstår det berre å få oppsummert erfaringane frå denne 17 maien og få det ned på papir slik at styret neste år har noko til å hjelpe seg i gong med planlegginga neste år.          

meir 17 mai i Hyde Park