Det heile byrja med ein tanke om ferje mellom Viddal og Magerholm, ein lang og flott ferje tur på Hjørundfjorden. Det ville vert mindre slitsomt for sjåføren og medpassajerar(i bilen also), og meir miljøvenneleg med ferja enn å kjøyre frå Kalvatn til Ålesund(Det tek og omlag like langtid, etter rask rekning). Dette og mange andre gode argument skulle få fart på turismen i Hjørundfjorden, men nei. Eg sende ein E-post til 62grader nord(Tom Tøsse) om dette forslaget, men der møtte eg veggen. Ei ferje skulle gå frå Magerholm til Lekneset og ikkje meir enn det (Det er litt då!) I ein artikkel i Møre-Nytt for ikkje lenge sida, stod det om dei få turistskipa som skal vitje Hjørundfjorden til sommaren. Mange cruise-selskap hadde gått konkurs, det blir difor få vitjingar til Hjørundfjorden denne sommaren.

Når ikkje ferja frå Viddal kunne realiserast måtte det vere ein annan veg. Jauda! I dag er det veg frå Finnes(Nær Bjørke for dei som ikkje er lokalkjende) til Bakkedalen. Frå Bakkedalen går vegen inn på ein gjengrodd anleggsveg heilt fram til Bondalsbakken (649 m.o.h), overgangen mellom Bondalen og Bjørke. Frå Bondals-sida, går det veg gjennom Rognestølydalen og fram til Rognestøylen. Er det nokon som skjønar teikninga?

Det er litt bratt ned frå Bondalsbakken, men med dagens maskiner er det ikkje vanskeleg og lage nokre svingar. I alt er det i dag 3,5 km som skil veg-endane frå kvarandre. Om vinteren er det mykje snø her so det er ei mulegheit å halde vegen vinterstengt.

Klart dette er berre eit forslag med mange argument, både for og imot. Skal ein ta laust å byggje veg i eit slikt flott naturlandskap? Dette verte ein flott veg som bind saman to flotte bygde samfunn? Flott turistmagnet som trekk til seg turistar på grunn av den flotte utsikta i Bakkedalssvingane og dei flotte fjella langs vegen? Dumt forslag, legge ein veg rett igjennom annen manns eigendom som t.d markar og beite?

Dette er berre nokre få argument. For å realisere dette må folket vere samla. Noko som ikkje alltid er like lett, med tanke på at folk har forskjellige meiningar?

Gå inn på denne sida for oversiktsbilete: http://www.iriss.no/fotturar/hjorundfjord/rognestoyldalen.htm 

Dette er muleg. Det er ferja også. Ein gong i framtida kanskje...