Tyssefossen var den 6-7 største i Norge en gang,
Snart kjem våren igjen og vi får håpe får vi sjå Tyssefossen i år også.
Ikkje ofte drevet fyk heilt til Tuehusa nå lenger.
Eg høyrer den i vert fall når den begynner å vekse og då er det kjekt å legge seg nedpå om kvelden og sovne til duren frå den.
Då eg var liten og skulle ligge hos andre fekk eg ikkje såve.
Det var så stilt om natta når ikkje duren frå fossen var der.
En gang det var bryllaup her inne på Bjørke låg det over gjester i nabogarden
Då gjestene stod opp til frukost spurte verten om dei hadde sove godt.
Lite svarte dei det har blese sånn ute i natt.
Det var fossen dei hadde høyrt ikkje vind.
Rart kva man blir vant til når man veks opp en plass.
Mange på Bjørke hadde også ei kraftig stemme.
Dei måtte lære seg til å bruke stemma når dei jobbet ute.