DSC00002

Første pust i bakken. Ved "takrenna" for leiing av vatn til Kvanndalen. Kvanndalshesten bak. Frå venstre: Frode, Ole, Sunniva, Trude og Arild, alle Stokke. Unni og Lars Petter Strandmann.

Frostnatt har laga avrong, så det er lett å gå. Sola varmar allereide godt og det er heilt stilt.

DSC00005

Frode og Arild er "stallstedne" etter å trena hardt til birken, men vi greier å halde dei nedåt såpass at det vert pause før vi tek til på Grøthornet. Høgste punktet på turen ser vi bak til venstre, Lissjetinden (1239). Til høgre Storetinden.

Sola hadde teke lite i oppstigninga til Grøthornet, så det var litt vanskeleg å krysse i brattaste partiet, men blåbæroppstigning mot kva andre bondalingar driv med.

Rekkje no i rad.

Sunniva fører an framover mot sjølve oppstigninga mot toppen. Kolåstinden skimtar vi gjennom tåkeskya.

Eg har sjeldan hatt problem med å kome meg til topps på Lissjetinden, men det var temmeleg hardfrose, og heilt på grensa kva ein bør gjere med plastsko...

Men nokon hadde vore der i blautare føre, kanskje helga før oss, og det var til god hjelp. 

DSC00010

Her er dei ved varden, med Dukhornet i bakgrunnen.. Arild, Sunniva og Trude for første gong. Frode er reine veteranen med mange turar etter denne ruta bak seg.

DSC00013

Så er vi trygt nede ved skiene, og vi gjer oss klar til nedkøyringa.

Det viste seg å ikkje vere noke kjempeforhold for nedkøyring. Nordvendt og frose, var det berre nokre få stader det viste spor etter oss. Men skorpesnø er langt verre. Så det tok ikkje lange stunda før vi vassa ei behageleg lita elv uten å bløyte oss, over til Risestøylen.

For oss som ferierte på Risestøylen, vanka det kald pils, og seinare L.P.- krydra nakkekotelettar. Brellande det, kor ein kan ha det!

Søndag vart veret berre betre og betre. Merkeleg nok hadde vi støylen for oss sjølve heile dagen. I det nydelege føret gleid vi innover dalen i skjorteermane og naut det stille og fine veret.DSC00014

Her studerer Lars Petter opplegget for komande turar. 5 år sidan sist vi var på Storetinden(Djura), til venstre. Kanskje vert det ein tur dit att snart? Ein mykje lenger og tyngre tur enn til lissjetinden, (framfor luggen til L.P.

DSC00017

På Rognestøylen fann vi Terje, Jorunn og Maria, som naut det fine veret på hytteverandaen.

Vi vart for så vidt enige med dei at det ikkje var klokt å gå over Storevatnet. Men etter  å ha studert fiskehola til Uglebakken, fann vi ut at isen var minst 30 cm tjukk. Dermed gleid vi innover på eit nydeleg føre. Det gjekk så lett at ein kunne tru vatnet halla.

På veg heim att gjekk vi opp 3 ryper ved Øverlandhytta. Eg var ikkje meir enn 4 meter frå den siste før ho letta.

Gjev vermeldingane ikkje slår til slik at vi får fleire dagar av same slaget seinare i påska!