Onsdag møtte mange foreldre og born opp for å protestere mot den planlagde nedlegginga av helsestasjonen på Sæbø. P.g.a. meirforbruk er dei ulike driftseiningane i helse og sosial i Ørsta kommune pålagde å starte innsparingar. I samband med dette har helseavdelinga vedtatt å kutte drifta av helsestasjonane på Sæbø og Vartdal frå 1.mai. Det skal heller ikkje tilsetjast ny leiande helsesyster når ho pensjonerer seg.

 

Vi som bur i bygda kan ikkje finne oss i at vi blir fråtekne dei tilboda som vi har hatt til no. Ungdommen blir oppfordra til å busetje seg her, men då må ein også sørge for at ein har noko å tilby dei. Eit godt helsetilbod er viktig både for små og store.

Det skal ikkje gjerast oppseiingar av tilsette ved helsestasjonen, så då må det vere lov å stille spørsmål ved kva ein eigentleg sparer på nedlegginga. Køyregodtgjersle frå Ørsta til Sæbø?Legekontrollane av borna skal fortsatt gjerast på Sæbø, så då må vi med små born ein dag til Ørsta og ein annan dag til Sæbø. Dette vil medføre mykje ulemper for oss. Ein del foreldre har arbeidet sitt i Ørsta og borna i barnehage/skule på Sæbø, det er lett å tenkje seg at det vil bli mykje køyring fram og tilbake for desse. Det er heller ikkje sikkert at det er alle arbeidgjeverar som vil bli like glade når ein må ha to dagar fri for å få utført det vi i dag får gjort på same tid og stad. For dei som er busette i Norangsfjorden vil det verte langt å reise heilt til Ørsta.

Elevar ved skulen har i dag hatt moglegheit til å treffe helsesyster ved helsestasjonen for å ta opp vanskelege problem. Dette har dei kunna gjort utan at foreldra har blitt involverte. Ved å legge ned helsestasjonen vil dei miste dette tilbodet, som trass alt skal vere eit lågterskeltilbod. Det seier seg sjølv at å reise til Ørsta i skuletida vil bli vanskeleg. 

 

 

 

 

 

 

 

Bildet syner at det bur mange born i bygda, og også mange born står på venteliste for å kome inn i barnehagen på Sæbø.

Er ikkje desse verdige eit godt tilbod også i tida framover?  

La oss håpe at vi gjennom denne protesten kan vere med på å påverke politikarane til å gje ekstra løyvingar slik at vi får behalde helsestasjonen vår!