Påska er ei flott tid å gå på fjellet. Ekstra fint er det når sola tek tak i snøen og lagar han mjuk og klar til folket som vil prøve seg i fjellsidene. I lag med far min, systra mi, ein klasse venn og faren hans, hadde vi alle Sandegga som dagens mål. Sandegga er eit lite vitja fjell, men nedkjøyringane skal visst vere veldig flotte. Dette måtte vi prøve!

Vi starta på Skjåstad og tenkte å følgje vegen til Sauresetra og baute oss oppover i Koppen og opp til "Topp 1345". Dette skal visst vere ei favoritt rute! Bilde 159

Sydtoppen til venstre, Nordoppen den største i midten og "Topp 1345" den lisje toppen i den andre enden av den kvite, rette linja.

Vi starta midt på dag men det tok ikkje lange tida før vi var komne langt oppover den kuperte sida. Vegavalet var greitt med flotte ryggar som heldt oss vekk frå dei mest utsette ras områda. Ei rekkje ras og ei sprekke i snøen truga oss til å halde nærmare foten av Nordtoppen enn normalt. Eigentleg går vegen på den andre sida av dalen, men der hadde ei rekkje solfonner losna og i tillegg var den bratte sida der truga av utgliding.

Bilde 173

Ruta går til høgre for den største sprekka. Vi gjekk opp til venstre for den minste sprekka. 

Resten gjekk flott og vi nærma oss toppen. På eggja mellom Nordoppen(som er den høgste: 1389m.o.h) og "Topp 1345" tok dei fleste av seg skia for so å vandre bortover mot toppen.

 Bilde 208

Nordtoppen sett frå "Topp 1345". Sørtoppen bak Nordtoppen.

Bilde 206

Toppen er nådd! 

Etter at "Topp 1345" var bestegen var fristelsen for å gå bort på Nordtoppen i same slengen stor. Men utan isøks med var det liten vits å prøve seg. Den bratte eggja til toppen står i skygge store delar av dagen er er sannsynlegvis knallhard. Litt frustrerande! Men turen var jo ikkje over no. Vi kjika nedover Koppen, som sida heiter, og la ein plan over kvar vi skulle renne.

Bilde 179

Det er laaaangt å renne ned igjen! Bilete er sjølvsagt frå vegen opp. 

Det var noko hardt heilt øvst med lenger nede var det nydelig slush-føre. Dette var topp! Skina skar igjennom den blaute snøen og vips så var ein sving allereie utført.

Bilde 211

Flott svinging! Toppen bak.

Bilde 184

Kjendte fjell?

Det heile kan ikkje gløymast. Heilt åleine for vi cruiseande nedover sidene, det var garantert plass til 300 til! Føret var perfekt og vi hadde til og med glinsande ettermiddagssol i ryggen. Men som på alle turar var det ein slutt på denne og. Irriterande! Vi rann likevel heilt ned til ferista på Skjåstad noko som er skjeldan 1. april.

Dette er ein tur som fleire bør velge. Med ei samanhengjande nedkjøyring på nesten 3 km er det rart at sida var fulstendig uberørt. Dette er ei perle! Ver litt Obs. på snøforholda i sidene rundt dalen, men heldt ein seg på ryggane, slik vi gjorde, er ein som regel trygg.

Her er bilete for dei som har lyst på Nord- og Sydtoppen!

IMG_4525

Renna går opp i kløfta midt på bilete.

IMG_4560

Egga fører bort til Nordtoppen. Det er muligens råd å vandre vidare til Sydtoppen?