Nattbilde

 

Dette biletet vart teke juni 2006 midt om natta. Eg hadde ikkje stativ, så det er uskarpt, men det fortel om magien.

 

 

 

Knut Hustad samlar på skispor. Jostein Mo samlar på russeaviser. Onkel Aage i Skien samla på frimerke. Vi har alle våre vesle maniar. Når det gjeld fotografi, samlar eg på spegelbilete.

Hjørundfjorden 

Vidvinkel som gjer fjella mindre, ja. Det er også ørsmå græler. Likevel ein av favorittane på grunn av kveldslyset. 

Eg må vedgå at eg har fått ein fascinasjon av Hjørundfjorden som spegel. Oftast fungerer han ikkje som spegel. Det er anten græler som gjer spegelen ufullkomen, eller det er direkte bårer som utelukkar spegelen heilt.  Hjørundfjorden Natur 006

Vi må sjølvsagt ha med Sæbøneset, der det vert spegla av med Elsandtindane i bakgrunnen. 

 

Men når først spegelen er der, synest eg det er magisk. Ja, det er trylleri. Det er då Hjørundfjorden spelar på kontrastane, fargane, motsetningane og faktisk harmonien på ein gong.

 Jakta

Dette er også ein favoritt. Jakta no i april. 

 

I ein av Dan Brown sine bøker (Han med Da Vinci-koden) vert mennesket sin sans for symmetri påpeikt. Kanskje er det det handlar om .....

Urke

Avsluttar med Urke og Urkedalstindane i bakgrunnen.