1001, 1002, 1003...

Egga nærast tyt ut av eit hol i veggen.  No er det Knut som står i fremste rekke og tek imot egga.  Dei aller fleste av egga let han passere, men nokre må plukkast opp - kanskje er det ein liten feil på eggeskalet, kanskje dei må få seg ein vask før dei vert plassert på brettet.

IMG_5350 (Large)

Egga tyt ut av eit hol i veggen og kjem nedover mot Knut J. (Riise) på eit transportband.

Lenger bak står Helga - men dei to ser gjerne ut til å byte på arbeidsoppgåvene - ho står og passar på "Prinsen".  "Prinsen" er ei sugekoppeggflyttemaskin som med jamne mellomrom flyttar mange egg i slengen og plasserer dei på eggbrett.  Eg tenkjer for meg sjølv at dersom vi på Årsethaugen - som har to høner - kjøper ein slik "prins" så vil det nok verte rekna som ei overinvestering....

IMG_5355 (Large)

Her kjem "Prinsen" med ei ny ladning med egg og plasserer dei på eit brett som automatisk kjem fram i rett tid.  Helga passar likevel på.

2034, 2035, 2036...

I lokalet er det egg over alt.  Egg vert vaska, egg vert plassert på brett, brett blir plassert i fleire høgder og brett vert til slutt plassert på ein palle og frakta inn i kjøleromet.  Eg spør og grev, stikk eit stort fotoapperat opp i ansiktet på Helga og Knut, men dei ser ikkje ut til å bry seg.  Dei har nok gjort dette før, men eg tenkjer mitt.  Til slutt vågar eg frampå med eit par sentrale spørsmål:

Du Helga, etter at du og Knut starta med høner i 89, har du merka forskjell på Knut?

Svaret kjem kjapt frå Helga:  Knut er ein villstyring.  Så veit vi det.

Men Knut - kor mange egg vil du tilrå for dag?

Tre egg - ikkje meir, ikkje mindre.  Med tre egg vil du verte sikra eit godt og langt ekteskap. Forresten, seier Knut, når eit ektepar jobbar i lag på ein slik plass, lærer ein seg raskt å temje temperamentet.  Det kan ikkje bli for mykje eggedosis veit du...

IMG_5360 (Large)

Her plasserer Helga egg på pall.

Men litt eggedosis vert det.  Når det vert oppdaga egg som har større feil på skalet, vert egga kakka mot ein bøttekant og innhaldet vert plassert i bøtta.   - Dette er det oksane som får, seier Knut og peikar på bøtta. - Det er denne spesialforinga som gjer at det alltid vert god kvalitet på oksekjøtet som kjem frå Larsagarden på Rise, seier Knut og smiler igjen.

3466, 3467, 3468..

Egg som har mindre feil på skalet eller som har ein litt "feil" storleik, vert plassert på brett for seg sjølv.  Desse bretta kjem ikkje på pallane som skal til Prior.  Nei, dei vert plassert i eggautomaten, dvs. kjøleskapet.  Her kan kundar som set pris på ferske kvalitetsegg kome å forsyne seg sjølv mot å legge att ein pengesum i ei kasse.  - Det er berre å kome å kjøpe - også i påska, seier Helga.

IMG_5364 (Large)

- Hugs tre egg om dagen.  Vi kan hjelpe, seier Knut og syner fram eggautomaten.

IMG_5359 (Large)

I den næraste korga ser vi egg som er til vask. Vaskinga skjer også av seg sjølv.  Egga i dei andre korgene er ferdig vaska

4123, 4124, 4125...

Men er det slik at alt er heilautomatisert?  Er det verkeleg slik at egga kjem ut av eit hol i veggen?  Eg tek til slutt mot til meg og spør.  Kva er det som er bak veggen?  Helga og Knut ser på kvarandre, nikkar lurt og til slutt opnar dei er dør.  Jau, det er verkeleg høner som er bak veggen.  Ikkje ei, ikkje to, men heile 5000.  Inne i hønsefjøsen kjem egga på transportband i eit glupt uttenkt system.  Til slutt kjem som nemnt desse egga ut av eit hol i veggen.

IMG_5361 (Large)

Her passerer egga forbi på transportband.  Hønene lurer på kvar egga vert av.

No sa tidlegare landbruksminister Lars Sponheim at kvar nordmann burde ha si høne.  Kan Helga og du hjelpe hjørundfjordinane med dette, Knut?

Ingen problem - her er 5000 høner og det er under 1000 fastbuande hjørundfjordingar. For vår del må hjørundfjordingane gjerne ete fem egg om dagen.  Vi kan levere.

4283, 4384, 4385...

Helga og Knut har kontrollen.  Dagens produksjon tek til å gå mot slutten.  Heldigvis er det slik at hønene ikkje verp når det er helgedagar i påska.  Kva? Det må du ikkje skrive, haukar Knut.  Nei, hønene på Rise verp same kva - helg eller yrke.

IMG_5365 (Large)

Her pakkar Knut pallane på kjølelageret inn i plast.  På den måten vert transporten sikrarer.  Ca. tre pallar vert levert frå Rise kvar veke.

Litt fakta til slutt:

Når ei høne er på topp, verp ho egg 98 av 100 dagar. Det går med ca. 600 kg kraftfor per dag og ca. 800 - 1000 liter vatn.

Dei aller fleste av egga som vert sendt frå Rise har ikkje blitt røyvde av menneskehender.

Og litt alvor heilt til slutt: Då Helga og Knut som nemnt starta med eggproduksjon i 1989 fekk dei kr. 7,- pr. høne då hønene vart slakta.  I dag må dei betale kr. 2,50 for å få levere ei høne.  Er det slik vi vil ha det?