Det er no allereide 4 år sidan, og detaljane er ikkje like klare lenger, men eg prøver, så får nokon korrigere meg om det skulle forekome feil.

Køyr til Loen, og langs Lovatnet. Der finn du bomvegen opp mot Bødalsetra.Frå parkeringsplassen  tok det omlag 15 min å gå til den inngjerda leirstaden på den flate bresletta ved Bødalsetra.

Det er også høve til å tinge overnatting på Bødalsetra. Der var i alle fall god plass då vi var der, sa syvdingane som låg på setra.

 

Leiren er klar.

Her har vi allereide fått opp telta . Frå venstre Per Ulvestad, Marius Strandmann, Knut Hustad og Lars Petter Strandmann.

Mat må til

Her er underteikna, Knut  Riise,  oppteken med å sikre kaloriinntaket , i lag med Marius og Lars Petter Strandmann. fotograf er Knut Hustad. 

Veret er endå litt tåkete og vi er spente på om det lettar til neste dag. Vi har avtale med Nordfjord Turlag, som skal guide oss på  turen.

Tåka lettar

Utpå kvelden ser det ut som tåka lettar, og opptimismen er stigande.

Det er ei fantastisk slette. Og ein gammal bonde ser straks for seg ein 4 skjers plog og ein stor traktor .

Mykje folk ligg her

Mange bor i leiren, og vi kosar oss verre. Vi vert endåtil bodne grillmat frå eit større selskap som er på kurs. Og vi vert stappmette heilt gratis. Sjå kor Haua Knut smiler, mett og god.

Vi rullar til slutt inn i telta og får oss ei god natts søvn. For kl 8 skal vi etter planen starte turen.

Klar til avgang frå Bødalsetra.

Etter ein god frukost er vi klar for avgang frå Bødalsetra. Her i selskap med 2 syvdingar.

Det er ein ny førar som skal testast. Og han går knallhardt ut. Eg tenkjer at dette må røyne på for dei som ikkje er i god form, og det stemmer etterkvart. Over 50 stk i ei rekke, må føre til ujamt tempo i baktroppa.

Eg må tilstå at dette er ikkje min greie. Eg som er litt oppteken av botanikk, ser til mi fortviling ei blodraud marihandliknande plante attmed råsa, og prøver å ta ei med, (merke i terrenget), for å finne den att på retur, men det greidde eg ikkje.

 Å stoppe er i alle fall ikkje råd. Her er det flokken som bestemmer. Og det må eg rette meg etter.

Etter første pausa overtek den gamle føraren, og det vert straks eit meir behageleg tempo. Vi går opp Brattebakken, og nærmar oss breden, der vi skal inn i 2 taulag.

Bødalsetra langt bak oss

Etter å ha nærma oss   breden, ser vi tilbake mot sletta ved Bødalsetra langt der nede, før dalen svingar til venstre.

 

Pause før vi legg utpå breden

Her har vi oss ei god pause før vi tek til på  breden. Og her er meir kjentfolk. Oddhild Haugen Øye og Elias Øye, til venstre.  Marius og Lars Petter nyt nista.

No er vi sikra

 No er vi sikra med tau og klar for sikker breferd. Knut Hustad, Per Ulvestad, Marius Strandmann og underteikna, Lars Petter foto. Lodalskåpa ser så nær ut, men det er nok eit stykke att endå.

 

Skummel sprekke

Lite sprekker å sjå, men dei finst. Og det er ikkje å anbefale å gå med færre enn 4 stk i eit taulag.

 

Begge taulaga

Begge taulaga er snart over breden.

Av med tauet

Her har vi fått av oss tauet, og det nærmar seg toppen.

siste passet. Kåpevatnet bak

Siste passet før toppen. Kåpevatnet bak.

Så er vi på toppen av Lodalskåpa

Så er toppen nådd. Ikkje ein tåkedott, og sikta er fenomenal!

Vi snakka med ei godt voksen dame som hadde vore her mange gonger. Og ho sa at ho aldri hadde opplevd maken. Snakk om flaks for oss som var der for første gong!

Breden ned mot Erdal.

                                     Lodalsbreden

 

Jostedalsbreden

Jostedalsbreden. Tenk om den vanlege tåkehetta hadde vore rundt Kåpa! Men vi hadde kjempeflaks!

Mot Skåla.

Utsikt i retning Skåla og Loen, synest eg å hugse.

Turen tilbake er lang, så vi kan ikkje vere alt for lenge på toppen. Så vi tek snart til på returen.

Vi ser tilbake mot Lodalskåpa og kåpevatnetl.

Vi passerer Kåpevatnet på returen, og eg tek eit siste bilete mot Lodalskåpa.

Vi er tilbake i leiren klokka 18 30. Vi starta om morgonen kl 8 30, så det er ein lang tur. Sjølsagt kan turen gjerast  fortare. Men over 50 stk, og tildels i tau, det tek si tid.

Sjøl om tur i flokk ikkje er min favoritt, så vil eg likevel sterkt tilrå  turen til andre i normal form. Er du like heldig med veret som oss så vil du aldri angre.

Eg håper å gå dit på ski ein gong, (eg har ikkje mange år å gjere det på). Inntil vidare kan eg berre drøyme om det.

Her er ein link til kart over området ,som Knut Hustad sende til meg. God tur!

http://www.etojm.com/Norsk/Topper/Toppkart/Lodalskaapa.htm