Turen til Trondheim starta i fint turver. 12 spelarar, 2 søsken, trenar, oppmann og 8 foreldre var med. Første stoppen var på Sætre i trafikkontroll (ingen vart tatt..) og vi vart forseine til ferga vi hadde tenkt å ta. Men det var trossalt fredag den 13. så vi tok det med godt humør. Neste ufrivillige stopp var Gråura der viftereima på Sæbø-bussen rauk..


grura.jpg
Gråura, heldigvis har vi med Tore, han ordnar ut!

Etter mange telefonar og med bergingsbilen på vei (trudde vi), vart alle foreldra + Lise, kasta ut av Åmås-bussen og jentene kunne fortsette mot Trondheim i den.

DSCN1989.jpg

Lise, alltid blid!

fredagden13.jpg

Nesten framme, trøytt Rebekka? Jeanette, Malene, Emilie, Katrine, Liv Grete, Rebekka og Else Marie.

Ca. 22.30 var vi installert på Elgeseter hotell og det var tid for kveldsmat. Foreldra kom ca kl 01.00, litt frosne men i godt humør!


mat.jpg

Matservering på hotellgolvet. Hanne, Emilie og Ingeborg.

Laudagen kom og vi (både spelarane og foreldra) var klar for handballkampar. Førsta kampen var mot Nessegutten (det var eit jentelag..). Det vart ein spennande og jamspelt kamp der våre jenter vann 13-11.


hanne.jpg

Hanne scorar.

Neste kamp var mot Varden som også kom til kvartfinalen. Her vann vi 14-13 og leda pulja!

matpause.jpg

Matpause på Nidelvens bredde. Kathrine, Kristina, Jeanette, Katrine, Else Marie, Liv Grete, Malene, Rebekka, Tiril og Hanne.Framme Emilie, Ingeborg og Monica. Alle stilte i den nye felles lagsdressen vår.

Byåsen 4 var neste motstandar. Jentene var slitne og måtte sjå seg slått 9-12. Men med andreplassen i pulja var ekstrakamp før finalespelet sikra og vi kunne ta kveld. Tore Stokke kunne rappportere at bussen var på hjul att så no visste vi at vi kom oss heimatt også..
DSCN1991.jpg

Uttøying er viktig seier Heidi!

Om det var spenande laurdag var søndagen enda verre. Første kampen mot Nidelv enda uavgjort 8-8 og det vart ekstraomgang der første målet vart tellande. Jentene var tydeleg stressa og hadde mange merkelege pasningar og skudd. Men det vart ikkje mål og det vart loddtrekning. Roger fekk æra av å trekke og vi var vidare til 8.dels finalen!!
DSCN2035.jpg

Vi er vidare, heilt fortjent!

Jentene spelte ein kjempekamp og vann fortjent 17-10 ovar Rapp. Ørstajentene rauk ut her med tap mot Varden og Åmdal/Sæbø var beste laget frå kummunen og Sunnmøre!

taktikk.jpg

Instruksar frå trenar Heidi i pausen i kampen mot Rapp.

Så var det tid for kvartfinale. Motstandar var Elnesvågen. Men no var jentene slitne , klokka kollapsa og vi fekk to utvisningar som ikkje var fortjente og det vart tap 5-15.

Etter ti minutt var tapet nesten gløymt, berre fire lag var bedre og vi vart best frå Sunnmøre!

seiersrop.jpg

Seiersrop!!

Heile turen var ein kjempeopplevelse som vi ikkje gløymer på ei stund! 

Vi er veldig kry av jentene våra som er ein fin bukett med kjekke og greie jenter!


Sæbø hadde også med Sivert Årseth som gjekk til finala med G 16 til Ørsta!Kjempebra!