Klikk på fotoa for stor versjon.

Det var rett nok Fred Ingar Somby som inviterte til festtur på Skårasalen sist laurdag, men sjølvsagt vart det den tidlegare trønderen/ørstingen - no hjørundfjording - som vart den naturlege turleiaren i kraft av sin kunnskap og erfaring frå dei mange turane i hjørundfjordfjella.

IMG_4566 (Large)

Her har Per Atle - nr. 3 frå venstre - fått mannskapet sitt til topps på den denne dagen 1543 meter høge Skårasalen.  Det var 1 m fast snø på toppen.

IMG_4550 (Large)

Ein god  turleiar må vere ein god motivator - som Per Atle.  Vi ser så vidt toppen på Skårasalen over lua hans.

Men det er ein lang tur når ein skal gå på Skårasalen i djup snø heilt frå Kvistad.  Det gjeld å bruke kreftene slik at ein kjem heilt opp.  Rett skal vere rett - det var Fred Ingar som brøytte veg mesteparten av den tida vår gruppe gjekk først, men mot slutten tok Per Atle sin tørn fremst framme.  Sjå foto under.

IMG_4556 (Large)

IMG_4552 (Large)

Her ser vi m.a. Per Atle(t.v.) i samtale med Fred Ingar.

Redigert

Toppen er nær.  Per Atle(fremst) dreg med seg dei langvegsfarande heilt opp. Foto:  Fred Ingar Somby.

Fred Ingar har fortalt meg at dei tre gjestane hans som var med på denne turen sette stor pris på at Per Atle Røe var med på turen.  Under ser vi foto av Per Atle på veg ned til Hjørundfjorden via Lissje Skåradalen.

IMG_4584 (Large)

Per Atle har nettopp starta si "ville" ferd ned Lissje Skåradalen.

IMG_4593 (Large)

Per Atle var ikkje først ned, men det var nok nysnø til alle...

IMG_4607 (Large)

Tre veteranar:  Olav Haugen til venstre, Per Atle til høgre.  Den tredje er ikkje han som kjem bak, men han som står bak kameraet...

IMG_4631 (Large)

Turleiar Per Atle har utført oppdraget som turleiar.  Det einaste som står att er skriving av namnet i gjesteboka til Gullbjørg på Skår.

Takk for turen.