Eg oppheld meg for tida i Sopot i Polen. Sopot er på ein måte turisthovudstaden her, og er sentrum for spa og andre goder. Eg er her saman med to svenske jenter frå Lofoten Folkehøgskule, vi går alle på fotolinja og er her for å gjennomføre kvar våre prosjekt. Ulrika tek bilete av gamle romantiske par på moloen, Emma finn det vakre og estetiske (og humoristiske) og eg har gravd meg ned i den lokale ungdomskulturen.

Svan Soling 

På hotellet/pensjonatet har det vore pynta til påske sidan vi kom hit for to veker sidan, men det er feiringa av Paven sin død som har oppheldt dei mest til no. På mandag blei det heldt konsertar, messe og framvisningar av forskjellige slag til ære for JP2. Vi fekk med oss ein konsert ved moloen i Sopot. Masse menneske hadde møtt opp med levande lys. Kor sang og barn og ungdom opptredde for folket. Vi forstod ikkje så mykje, eit lite "amen" no og då, men alt var på polsk og katolsk. Er ikkje så kjend med dei katolske skikkane, så vi gjekk før vi fekk tid til å fornærme nokon.

Ellers så kryr det av hundar i Polen. Eg har aldri sett så mange forskjellige former og storleikar før som no. Eg har forelska meg litt i eit tydlegvis eigarlaus omnsrør som travar rundt i byen. Har sett ho fleire gongar springe omkring, men ho likar meg eigentleg ikkje, trur knurring er eit sikkert teikn på det.

 snill hund vesle hunden

Ellers har eg kome i kontakt og blitt godt kjend med ei undergruppe kunstnarar i Gdansk, nabobyen til Sopot. Kansje vil ikkje kalle kalle denne gruppa kunstnarar, i alle fall ikkje alle av dei. Det er tattovørar, dei som lagar tattoveringane og nokre som lagar grafitti. Her har eg då funne artistar med kvalitet og profesjonalitet. Eg tvilar sterkt på at du kan få ei tattovering i berusa tilstand og grafittien blir ikkje utført ulovleg. Nokre av desse menneska (eller berre ein av dei eigentleg) kan vere litt spesielle samalikna med ein standard bondaling, men når ein blir kjende med dei så er dei så snille at eg berre får lyst til å klemme på dei heile tida. Eg blir bortskjemd litt fordi dei vil at eg skal ta fine bilete av dei. Eg får Te av ei levandes nålpute og pizza av tattovøren.

 David flammer

Åja, så har vi også funne vennar her som kan puste eld og danse med flammer. hehe, ganske kult å sjå på.

Har høyrt rykter om at det snøvar heime. Stakkars folk, kos dykk

Saknar heime litt forresten, sukk. Lei av å ikkje forstå folk, og enkelte polakkar forstår ikkje miming. prøv å mim 1/4 kylling på butikken ein gong, det kan bli ganske morosamt:P

-Lovise Mo-