Vanlegvis går vi på tur i smågrupper, men onsdag pakka alle vaksne og ungar sekkar og vogner og gjekk i samla flokk frå Sandvika til Sæbøneset. Eigentleg skulle vi i fjøra, men vegen går rett gjennom tunet til Ola Sæbønes, og då måtte vi stoppe og sjekke lambinga. Det er ein vårtradisjon for oss det.

Inni fjøsen var det fullt med sau og lam, masse lyd og sterk lukt. Først var det tryggast å sjå på når vi og dya var på kvar vår side av gjerdet, etter kvart måtte vi prøve å klappe dyra.

2504     2504-2

Og heldige oss, trur de ikkje vi fekk vere med på ein fødsel - til og med tvillingar, eller var det trillingar? 

2504-32504-4

Kjedeleg, meinte nokre av ungane. Spanande! sa andre, og lurte på korfor det var så mykje blod på lambet? Uansett, vi forstår jo at familien Sæbønes har mykje å gjere i desse tider, derfor hjelper vi gjerne til med å kose med lamba og gi mødrene mat.

2504-52504-6

Takk for at vi får kome på besøk! - det er alltid like kjekt i fjøsen og i fjøra på Sæbøneset.