Palmesøndag 028

Skondalen med Dalagubben øvst i dalen. Kameratgjengen som tok toppturen i 1939 gjekk opp frå Åsen i høgre biletkant og inn i Skondalen.

- No var ikkje alle på toppen. Eg trur berre to - tre. Arthur Hjellen og Edvin Riise er eg fast bestemt på var på toppen. Dei fleste av oss andre stoppa i skaret under sjølve fjelltoppen, fortel Anton Sæbønes (88).

Det var i 1939, Anton trur i alle fall det, det kan også ha vore i 1940, at ti-femten kameratar bestemte seg for å gå på ski opp Skondalen og til Dalagubben. Det var ein nydeleg marsdag. Oppe i fjellet var det nysnø. Det heitte det då. Puddersnø var ikkje oppfunne.

- Vi gjekk opp frå Sæbøneset/Hjellen, og over Åsen og inn i Skondalen, fortel Anton. Der i frå var det å kave seg til endes i dalen, og opp under Dalagubben.

Nokre gjekk altså heilt til topps, som Arthur og  Larsa-Edvin. Dei andre nytte utsikta og veret frå skaret under toppen.

Då det vart klart for nedfart, kom det formandane ord frå nestoren i flokken, Olav Sæbønes. Han var var for farane.  "No tek de det med ro", var formaninga.

- Eg venta til alle hadde teke laust, og då sette eg av garde. Eg fekk god fart, og tok lange svingar. Eg synest det gjekk fint, men med eitt var dte bråstopp, fortel Anton.

Han kom nemleg over frå nysnøen og over på eit parti med skare. Det var som sagt ikkje moderne fjellski med stålkantar ein hadde då, men treski. På skaren var det ikkje feste, og Anton stupte i koll.

- Det gjekk bra med meg, men eine skia knakk rett bak hælen, fortel Anton.

Alle kom seg heilskinna ned att, og dette er berre eit døme på at hjørundfjordingane har utfordra naturen i lange tider.

Anton trur ikkje det vart teke bilete frå denne turen, men viss det vart det, eller andre har historiar og/eller bilete frå skiturar for lenge, lenge sidan, hadde det vore flott stoff for Hjørundfjordportalen.

DSCN0606

Anton Sæbønes i dag, ikkje fullt så glad for snø som han var for 70 år sidan.