Det året eg begynte på skulen, reiste eg åleine frå Ålesund til Sæbø. Eg var invitert i selskap til vennane mine Håkon og Frode  Sannum i Lækjarboligen midt inne i vika.Stuerten på båten skulle halde auge med meg, og det gjekk no bra. Spannande å sitje på ei kasse og kikke ned på den blanke motoren på Fjordabåten!

Vel framme vart det mykje morosam leiking med alle borna på Sæbø !Kreativiteten hadde få grenser. Vi fulgte til dømes ein krabbe bortover fjørekanten for å sjå kor han tok vegen. Alle vi traff på ,prata med oss. 

Så fann vi ein daud fugl, og dei laga begravelse. Vi gjekk i prosesjon bakom  den  store                    prestegardsløda,langsetter steingarden til vi var bakom kyrkjemuren ( mot dalen ). "Presten" las, og alle song. Her var parafrasar over både salmar og liturgi. Vi slutta av den høgtidelege seansen med ein song alle kunne skikkeleg :- Tippehøne satt på gjerdet- tippehøne ramla ned . Ingen dokter kunne hjelpe . Tippehøne var død.-

Då vi skulle springe over den gruslagde kloppa ved sidan av Ville (der ho Svanhild budde.Flott namn,tykte eg.), snubla eg skikkeleg. Heile leggen og kneet var fulle av blod, sår og småsteinar.

-No skal ho Sølvi til Doktoren. No skal ho Sølvi til Doktoren,-sang ungane og drog meg mellom seg opp gjennom hagen, inn i det kvite huset og banka på døra til lækjarkontoret.

Om det var vondt? Om eg gret ? Når eg visste at utafor døra stod heile ungeflokken, titta i nøkkelholet, lydde og lydde i håp om å høyre meg gråte?

Den sviande,triumferande kjensla av siger over gråt og glad erting har fest seg som eit godt,gammalt minne frå Sæbø.