I løpet av dei siste vekene har ein ny kaifront bokstaveleg talt stege opp av sjøen på Sæbø.  Det er landdelen av den nye skyssbåtkaia som  kjem på plass.  Skyssbåtkaia - ei flytebrygge - skal festast i denne landdelen av kaiprosjektet.  Det er Holen Sand- og Grustak A/S v/Kjell Otto Holen som har ansvaret for at arbeidet vert gjort for oppdragsgjevaren, nemleg Ørsta kommune.

Ansgar Gunnar (Large)

Gunnar Stokke(t.v.) og Ansgar Kvistad står føre det praktiske arbeidet.

Kaifronten vert mura opp av naturstein og det er Ansgar Kvistad som sit i gravemaskina.  Det er stort sett Gunnar Stokke som køyrer til stein og det er han som passar på at linjene på byggverket vert rette.  Gunnar gjer også ein del manuelt arbeid. Sjefen, Kjell Otto Holen, er svært godt nøgd med det arbeidet dei to gjer.  - Asgar gjer nok klokt i og ikkje sleppe til andre bak spakane i gravemaskina, meiner Holen.

IMG_4525 (Large)

Skal kaifronten verte fin, må ein ha ein del stein å velje i...

Det er ikkje tilfeldig at dette murarbeidet starta i mars.  "Marsfjøra" er kjend for å vere låg.  Denne fjøra måtte utnyttast.  Difor vart arbeidstida i starten litt uvanleg. Den låge fjøra måtte utnyttast.  No har kaifronten blitt så høg at Ansgar og Gunnar utfører arbeidet i normal arbeidstid.

IMG_4532 (Large)

Gunnar og Ansgar jobbar no uavhengig av flod og fjøre.

Det er tydeleg at folk ser fram til at den nye skyssbåtkaia kjem på plass.  Dei to fortel til hjorundfjord.no at mange tek turen nedom kaia for å passe på at framdrifta er god.  Det må også nemnast at kaifronten på den nye skyssbåtkaia vil flukte med den gamle "Samvirkekaia" - ei kai som også er murt opp av naturstein.

IMG_4535 (Large)

Også resten av den gamle skyssbåtkaia skal fjernast før den nye flytebrygga kjem på plass.

Av praktiske årsaker vert den nye skyssbåtkaia flytta litt mot sør i høve til den gamle og skyssbåten M/S "Hjørundfjord" vert  liggande på nordsida av den nye flytebrygga.  På den andre sida kan m.a. rutebåten M/S "Nordic Sky" legge til.

Kjell Otto Holen reknar med at Holen Sand- og Grustak A/S er ferdige med sin del av arbeidet i løpet av eit par dagar.  Resten av byggearbeidet er det Sæbø Bygg A/S som har ansvaret for.  Sæbø Bygg A/S har allereie støypt fast kjetting i kaifronten som den nye flytebrygga skal forankrast i.  Dette firmaet skal også støype ein plattform der landgangen til flytebrygga skal festast.  Flytebrygga vert levert av Ørsta Marina Systems AS.