Måndag ettermiddag vart altertavla til Skodje kyrkje remontert.  Ho hadde då ei tid vore til restaurering i atelieret til målarmeister Kjell Arne Årseth i Bondalen.

Det er altså målerikonservator Arne Bakken frå Oslo og målarmeister Kjell Arne Årseth som har utført restaureringsarbeidet.  Dei to har halde på i fleire veker med det omfattande arbeidet.  Då hjorundfjord.no var innom hos Kjell Arne sist fredag, hadde Arne Bakken reist tilbake til Oslo og Kjell Arne hadde dagen før lagt på sluttfernissen.  Sluttfernissen er ei blank væske som vert påført måleriet etter at målararbeidet er ferdig.  Denne fernissen vernar sjølve måleriet/altertavla og altertavla får ein jamn glans.

IMG_3682

Her ser vi sluttresultatet etter restaureringa.  Diverre er ikkje fotoet godt.  Under ser vi altertavla før arbeidet tok til.  Legg merke til dei kvite/lyse partia spesielt på soldatane.

DSC_0060 (Large)

Er du nøgd med det arbeidet  du og Bakken har gjort, Kjell Arne?

- Tja, det er vanskeleg for meg å uttale meg om det, men eg må nesten svare ja.  Det er no likevel slik at heilt nøgd er eg nok ikkje - eg skulle kanskje ha brukt nokre timar til med arbeidet, men slik er vel alltid når eit arbeid skal avsluttast...

Då hjorundfjord.no var innom, heldt Kjell Arne og finsnikkar Otto Stornes frå Vigra på å stramme opp sjølve lerretet.  Dette arbeidet måtte gjerast før altertavla kunne plasserast  i transportkassa.  Lerretet vert stramma opp ved hjelp av kilar.

IMG_3692

Lerretet vert stramma opp ved hjelp av kilar.  Kjell Arne Årseth brukar hammaren, Otto Stornes held ramma på plass.

Og når er ramma passe stram? Jau, vi legg merke til at Kjell Arne går frå hjørne til hjørne og kakkar litt på kilane.  Av og til lyfter han eine sida av altertavla og slår lett på lerretet med fingrane.  Når han får den rette "trommelyden", er lerretet passe stramt.

Når altertavla kjem tilbake til Skodje kyrkje skal ho få eit litt anna oppheng enn det ho har hatt til no.  Dette er fordi det skal gå raskare å få den ut av kyrkje i tilfelle eit eller anna skulle skje, t.d. brann.  Det er ein annan bondaling, Ivar Svein Mo som skal lage dette opphenget.

IMG_3687

Dei to fagarbeidarane Ivar Svein Mo(t.v.) og Otto Stornes.

Kjell Arne Årseth var altså litt usikker på om han var heilt nøgd med det arbeidet han hadde gjort med altertavla i Skodje kyrkje.  Måndag kveld ringde vi difor kyrkjeverjen i Skodje - Geir Lorentzen.

Har du fått altertavla på plass?

- Ja, no er den komen på plass og spesielt kjekt er det sjølvsagt at den vart ferdig no til påske.  Eg legg også merke til at den har fått ein slik fin glans sjølv om eg enno ikkje har fått sett altertavla i dagslys.

Som hjørundfjording og nesten nabo til Kjell Arne Årseth forstår du vel kva svar eg ynskjer, men likevel - er du nøgd med det arbeidet Kjell Arne og Arne Bakken har gjort?

- Ja, absolutt.  Dei to har gjort eit verkeleg godt arbeid. Det er trass alt eit omfattande og for oss eit heller kostbart restaureringsarbeid som er gjort med altertavla og då er det  spesielt gledeleg å konstatere at resultatet har blitt så fint.

Vil remonteringa av altertavla verte markert på ein eller annan måte i kyrkja?

Det er heilt naturleg.   At Jesus vann over døden og stod opp av grava 1. påskedag er eit naturleg høgdepunkt i påskefeiringa.  Difor er det nok naturleg at vi ventar til denne dagen med å markere at altertavla er komen heim til Skodje kyrkje igjen.