Det fall 235,5 mm nedbør på Hustad i Bondalen i mars, fortel Anne  Hustad til hjorundfjord.no.  Anne er fast vêrobservatør for Meterologisk institutt i Oslo.  Til samanlikning nemner Anne at det kom 119,4 mm nedbør i mars 2006.

Det var den 1. mars det låg mest snø på Hustad - nemleg 19 cm. Sjølv dei dagane det fall svært mykje snø lenger framme i Bondalen, den 18. og 19. mars, fall det berre 2 cm snø på Hustad.  Uoffisielle målingar synte at det kom ca. 70 cm nysnø på Bondalseidet desse dagane, fortel Anne Hustad.

Om morgonen den 11. mars målte Anne at det hadde falle 37,3 mm neddbør siste døgn.  Det var også det døgnet med mest nedbør i mars.