P3290148

Dugnadsgjengen i ferd med å lage til XCross-løypa.

Trakkemaskinar har alt arbeidd i flere dager, og påskeaftan blir det konkurranse med panoramautsikt til fjellene rundt anlegget ved Ørsta. Xcross er samleomgrepet for same typen konkurranse både på brett, telemarkski og alpint.

Det vil seie at det vert konkurransar for alle desse tre utstyrsvariantane. Terje fortel at det vert ei løype med ulike doseringar, kular og hopp.

- Det vert konkurrert fire og fire om gongen, der dei to beste går vidare til nye heat. Vi har to alderklasser, frå tolv til seksten år, og seksten år og eldre, fortel Terje.

I tillegg til Xcross-, vert det også bigjump- og cornerkonkurranse. Terje trur det kan verte hopp opp i lykta på fem meter.

P3290152

Frank Welle (t.v.), Marius Strandmann, Terje Stokke og Kristian Ose Silseth er mellom initiativtakarane til XCross.

Påmeldinga er frå kl 10 til 12 løpsdagen ved sekretariatet i målområdet (til høgre for trekket i Nottane). Arrangøren fortel at Rust Club&Scene holder premieutdeling og afterski laurdagskvelden.

 

Bana ligg omtrent 1000 moh og har panoramautsikt over Sunnmørsalpene.

 

.