Steinar Hjorthaug og underteikna har etterkvart fått ei viss rutine i arbeidet.

Vi heiser opp ein fot bak og ein framme og sliper med kvar si maskin.

Då greier vi omtrent 4 kyr i timen.

I dag har vi teke tilsaman 18 stk, og det kjennest på skrotten i kveld! Men no er vi ferdige. Det er likast å gjere det unna i god tid før beiteslepp.

DSC00018

Steinar og Knut er forholdsvis brutale fotpleiarar.

Det er ein hard og skitsam jobb, som dei fleste leiger klauskjerar til. Men sjølvgjort er velgjort. I alle fall når ein har skaffa seg såpass rutine at ein har det i hendene.

Det er i alle fall ufatteleg kor mykje kammar som kan kome ut av ei enkel ku under prosessen. For det er synd å seie at dei nyt det. Å vere i klauboksen er nok minst like ille som å vere i tannlegestolen.

Men skikkeleg fotty gjer seg på sommarbeite. Og då er nok skrekken frå bondelaget si klauboks gløymt til neste vår, om ikkje turen har gått til Volsdalsberga for den arme kua.