Jau, eg har fått spørsmålet ein del gonger:  Veit du kven Svein Myhre er? Kvifor veit han så mykje – ikkje berre om fjella, men også om namn, skiturar, ruteval osb.?  Ja, til og med ringreven  Knut J. Riise har late seg imponere.  Så her ein dag fekk eg ei tekstmelding frå Knut:

-         Veit du kven Svein Myhre er?

-          Nei.

-         Kan du presentere han her på portalen?

-         Ok.

 

Det skulle vise seg å vere lettare sagt enn gjort. ”Vår” Svein Myhre viste seg ikkje å vere av den PR-kåte typen.  Heller ikkje har han e-postadressa si liggande på Hjørundfjordportalen.  Eg starta med å søkje i telefonkatalogen på nettet – 104 treff.  Så ringde eg  Svein Myhre i Volda.

 

-         Hei, er det du som brukar å skrive på hjorundfjord.no?

-         Nei, eg må nesten seie diverre, for han du meiner har gode poeng.  Og ja, eg personelg også har fått dette spørsmålet fleire gonger.  Men eg er absolutt ein ivrig brukar av hjorundfjord.no.

-         Flott, men kan du tenkje deg kven ”vår” Svein Myhre er?

-         Nei, men eg er sikker på at han ikkje bur i Volda.

 

Det var ikkje anna råd å gjere; eg måtte ta i bruk metodar eg i si tid lærde på Politiskolens grunnkurs - trass i at e-posten knapt var oppfunnen den gongen.  Så fekk eg kontakt.

 

- Er jeg noe å skrive om? Dette stod det m.a. i den første e-posten eg fekk frå han og det gjekk klart fram at dette likte han ikkje – nemleg å bli ”presentert” på hjorundfjord.no.  Men ok – sidan så mange var interessert i å få vite meir om han,  let han det stå til:

 

Namn: Svein (Arne) Myhre, gift, to barn.

Alder:  37 år.

Bustad:  Spjelkavik.

Arbeid: Revisor med eigen praksis i Ålesund.

Tilknyting til Hjørundfjorden:  Svigermor  er opphavleg  frå Sætre/Bjørke, men flytta raskt til Ekset/Volda.  Har Hjørundfjorden som sitt ”second home”.

Trandal_fra_Dalegubben

 Trandal sett frå Dalegubben.  Svein har sendt dette fotoet til ære for webmaster Tor Eirik Trandal.

 

Som vi hjørundfjordingar veit, likar vi spesielt godt folk som ikkje bur her fast, men som likevel omtalar fjorden vår i positive ordelag.  Eg tek difor med ei setning frå den fyste e-posten frå Svein ”…, og har trasket på det aller meste av fjelltoppene rundt Hjørundfjorden – som uten tvil rager helt i teten når det gjelder flotte fjell i Norge.”

 

I dag snakka eg med Svein på telefon.  Eg gav han to alternativ, han fekk velje eitt av dei.  Det synte seg å vere vanskeleg for han, men under mild tvang gav han etter.

Alternativ:                                                                 Svein sine svar:

Fjell/fjord?                                                                  Fjell

Vinter/sommar?                                                          Vinter

Skiturar/fotturar?                                                        Skiturar

Telemark/randonne?                                                   Telemark

Slogen/Store Smørskredtind?                                      Store Smørskredtind

Dagsturar/overnatting?                                                Dagsturar

 Canon/Nikon?                                                            Canon

Kva er forresten favorittfjellet ditt i Hjørundfjorden?

Tja, eg brukar ikkje å gå så mange gonger på eit bestemt fjell.  Eg likar å variere, men favoritten må vel likevel vere Store Brekketind sjølv om eg har vore der berre 5 – 6 gonger. (Ikkje fleire, nei…)

Du har vel gått på fjellturar sidan krigen, du?

Nei, slett ikkje.  Eg  dreiv med idrett, men vart plaga med strekkskadar. Dei første turane var nok svigerfar min som fekk meg med på – truleg i 94/95.

Mot_Blaatindane_Grotdalstindane

Svein Myhre ser her mot Blåtindane og Grøtdalstindane.  Frå Heimste Kopphornet. Foto frå 2005.

Eiga heimeside:

Eg trur ikkje at eg treng skrive meir om denne mannen, men nemner det viktigaste til slutt – han har/driv ei eiga heimeside.  Den er kort og godt imponerande for den som er interessert i fjell, turar, ski, geografi osb.  Trykk og les på adressa under – men ei åtvaring til slutt:  Er du interessert i dei emna som er nemnt, men har dårleg med tid - ikkje trykk. Vent til du har ein god kaffikopp klar - og tid nok til å nyte.

www.fjellinordvest.net.  (Og her kjem kamera inn.  Svein Myhre brukar vanlegvis eit Canon speilreflekskamera – Canon 350 D)

Otaalhornet_Hjorundfjorden

Svein på Otålhornet.  (Dette er etter underteikna si meining det beste utsynspunktet over Hjørundfjorden.)

Audiens

Her kjenner vi oss att.  Det er sjølvsagt Kolåstinden vi ser mot, men kva for eit fjell står Svein på her?

Alle foto:  Svein Myhre.