Jentene er no klar for sluttspel i Trondheim 13-15 april der dei to beste laga frå kva pulje får delta. Laget består av fem Sæbø-jenter og ni jenter frå Åmdalen. Det er ein samspelt og fin gjeng som har Heidi Aambakk som trenar og Ann-Elin Brekke som lagledar.   

Samarbeidet mellom Sæbø og Åmdal fungerar kjempebra, vi hadde ikkje greid å gi desse jentene eit godt nok tilbud uten.

j14

Bak f.v. Julianne Sporstøl, Kathrine Brekke,  Else Marie Stokke (13 mål),  Malene Aambakk (5), Katrine Øye (2), Kristina Hovdenakk.                                      

Framme f.v. Ingeborg Aam (1), Emilie Ville (1), Sunniva Aambakk Bjørkedal (1), Hanne Stokke (1). Målvakt Monica Krøvel fremst. Jeanette Berg, Rebekka Stokke og Tiril Holen spelar også på laget.

forsvar

Malene, Kathrine, Else Marie og Sunniva i forsvar. Rebekka i mål.

stopp

Malene, Hanne, Katrine, Kathrine, ElseMarie, Sunniva og Rebekka, sterke i forsvar!

ikkje mål

Jentene konstaterar at det ikkje vart mål!

anna

Anna Moan var med å arrangerte kampen og sat streng i døra og selde billettar.

J 16 på kamp på Stranda

DSCN1765

På veg heim. Anna var sjåfør. Det er veldig kjekt og sosialt å køyre I.L. bussen "vår". Vi ser f.v. Torill, Karoline, Jenny, rebekka, Liv Grete, Malene, Else Marie og trenar Narve Skurtveit.

J 16 var til Stranda laurdag 10.03 og spelte kamp. Det var knepent tap til jentene etter ein veldig spennande kamp. Pauseresultatet var 12-12 og fire min før slutt var stillinga 19-19. Det vart nokre VELDIG spennande minutt. Stranda sette inn sigersmålet 10 sekund før slutt og resultatet vart 21-22.

stranda

Oppvarming. F.v Eliasabeth (4 mål), lagledar Oddhild, trenar Narve, Torill (1), Tiril (3), (Sara har gøymt seg bak Tiril), Else marie (4), Jenny (var skada og spelte ikkje), Liv Grete (1), Rebekka, Karoline (1).

 

staam

I angrep: Malene (7 mål), Else Marie, Tiril og Sara.