IMG_3901

"Der blinkar ei einsleg stjerne, over min barndoms dal" syng Henrik Straumsheim i eit av dei vakre dikta han skreiv. Ragnar Ørstavik har komponert ein vakker tone til diktet. Her har Knut Hustad i Bondalen fanga stjerna i det ho einsleg lyser på morgonhimmelen til høgre for Grøtdalstinden.

Biletet er teke i sjutida om morgonen, midt i februar, og fotografen fortel at stjerna står så godt som rett i nord. Ved hjelp av eit dreibart stjernekart fann me ut at det må vere den lyssterke stjerna Capella i stjernebiletet Kusken. Ei velkjend stjerne for dei som navigerer etter stjernene.

Capella står så høgt på himmelen at ho aldri går ned her på nordlege breiddegrader. "Ein gong var ho morgonstjerne, syng Straumsheim og samanliknar stjerna med menneskelivet. Capella gyller også skymings-studna, for ho er ei av dei første stjernene som tendrar om kvelden og ei av dei siste som tilsynelatande sloknar ut før dagen tek til. Eit nydeleg bilete som illustrerer glimarande Straumsheims dikt Stjerna.

Foto: Knut Hustad.

Tekst: Torbjørn Urke

 

 

Stjerna

Det blinkar ei einsleg stjerne

Over min barndoms dal,

Ho vekkjer ein song i sinnet,

Ein roleg og mild koral.

 

Ein gong var ho morgonstjerne,

Ein logande himmel-eld,

No gyller ho skymings-stunda

Når dagen får dåm av kveld.

 

Ho lyser igjennom blånen

Ned på ein gamal gard,

Og skin over kjende stigar

På alt det som eingong var.

 

Så går eg i stille kveldar

Inn i den vigde sal

Til tonen og stjerneljoset

Frå barndomens katedral.

Henrik Straumsheim