Turen er frå 11.august 2004 men bilda låg på pcen og eg har lova Knut Hustad å kome på bana med min fjelltur også, så då var det ikkje så mange topp-turar å skilte med i bildearkivet mitt…. Eg og Birgit Hustad la ut på denne turen ein flott augustdag, med målet – å nå toppen. Sjølv har hadde eg vore på Skårasalen både til fots og på ski, så eg var ”kjentmann” på turen…sjølv om eg ikkje akkurat glimta til med dei beste vegvala.  Turen oppover var laaang, men vi krongla oss oppover, mulig vi trudde vi valgte ei lur løype men det såg vel ikkje alltid slik ut vi såg oss tilbake. På veg oppover traff vi to hyggelige damer, på fjellet snakker ein med alle. Og det er faktisk veldig hyggelig, og den eldste av dei to damene kunne fortelle at ho kom frå Gausdal. Litt av eit sammentreff, for det var i Gausdal eg også bodde (og bor fortsatt).

På veg til Skårasalen - Vibeke og Birgit
Birgit Hustad på veg mot toppen av Skårasalen 11.august 2004

Med toppen i synsfeltet var det siste stykket ikkje så langt. Og vi nådde målet, toppen var nådd. Så kunne vi nyte medbrakt juice, den også frå Gausdal. Ikkje kvar dag Q-Meierienes juice får seg ein topptur på Sunnmøre...

 Q-juice på toppen
Produktplassering...

Når vi begynte å regne på tidsforbruket så viste det seg at vi hadde passert 4 timar, men pytt, pytt, vi hadde ikkje tenkt å slå nokre rekorder. I boka på toppen sto det at var det ein eller annen person som hadde brukt under 1 time til topps. Hmm, det er forskjell på folk, og det er forskjell på kva som driv folk til topps! Vi hadde andre mål..og vi nådde det.

Birgit på Skårasalen
Ein velfortjent rast på toppen av Skårasalen

Birigit og Vibeke på toppen av Skårasalen
Vi er på toppen og sjølvutløyser er bra, sjølv om den ikkje alltid får med alt...

Vi hadde ein fin dag, sjølv om det var strevsomt til tider, men vi var fornøgde med oss sjøl og det vi hadde greidd. Prestasjonen er ikkje noko stor i seg sjølv for fjellvante folk, men for oss var det stort. Og det er det som betyr noko i den store sammenheng… Mulig at det vert nokre nye tindar vi skal bestige også i 2007?

Avlutter artikkelen med eit lite ordtak som eg synest kunne høve bra:
”Etter å ha klatret opp på et høyt fjell, ser man bare at det er enda flere fjell å klatre over…”

Håper at det er fleire som vil legge ut bilder av sine turer til topps, eg vil gjerne lese om fleire som har brukt "god tid", som kan gjere at eg også kan sjå eit overkommelig mål på nye toppturar..