ÅRSMELDING FOR 2006 

Styret for Sæbø grendalag har i 2006 vore samansatt slik:

Leiar:          Hilde Muren

Nestleiar:    Nils Taklo

Kasserar:    Roy Lillebø

Skrivar:      Grethe Holen

Styremedl.  Malvin Holen

 

1.vara:        Annemone Strandmann

2.vara:        Bodil Egset

 

Revisor:      Jon Urkegjerde

                  Leif Slettedal

 

Valnemd:    Kari Hame

                  Bjarne Hustadnes

 

Årsmøtet vart halde onsdag 08. mars 2006.

Det har vore halde 4 styremøte . Om lag 20 saker har vore handsama.

Medlemstalet er på 58  mdl pr. 31.12.06. Det er ein endring på +18. iht. i fjor.

 Styret har arbeidd med desse sakene:

·        På årsmøtet i Sæbø grendalag 2.3.06 vart det vedtatt at styret i grendalaget skulle kontakte offentleg mynde for å få redusert bestanden av måsefugl i Sæbø sentrum. Det er Ørsta kommune ved plan, nærings- og miljøavdelinga som er ansvarleg mynde i slike saker. Onsdag 3. mai var mijøvernleiar Magnar Selbervik på synfaring i Sæbø. I etterkant av synfaringa hadde han kontakt med ornitologar. Miljøvernleiaren kom då med følgande tilråing: Bebuarane i Sæbø bør satse på førebyggjande tiltak. Eit tiltak er å setje opp sen over møne, lufterøyr og skorsteinar - ein har gode erfaringar med slike tiltak i Ørsta sentrum. På torvtak må ein setje i verk andre tiltak. Ein kan td setje opp falske hubroar (naturleg fiende for fiskemåsen), sørgje for ferdsel/aktivitet på taka slik at måsen blir uroa. Ørsta kommune disponerer "leikehubro" som ein kan låne. Det blir ikkje gitt løyve til skyting av måsefugl. Tiltaket vurderast ikkje til å vere føremålsteneleg og vil ikkje hjelpe på situasjonen. Eventuell skyting av måsefugl må skje på ordinær måte i jaktsesongen. 

·           Samarbeid med Hjørundfjord Bygdeutvikling.

       ·           Utvikling av Kapteinskvia som aktivitetsområde.

Hjørundfjord bygdeutvikling har ei eiga nemnd som arbeider for å etablere Kapteinskvia som brukspark i Sæbø. Finansiering av planlagde tiltak må gjerast gjennom å søkje på midlar frå lag, organisasjonar og det offentlege. For å få tildelt off. midlar blir det krevd ein bruksavtale for min. 10 år. Bygdeutviklinga kan ikkje vere part i ein slik avtale, og har spurt Sæbø grendalag om vi kan ta ansvaret. Opplysningsvesenets fond har skissert ein leigeavtale på 20 år med årleg leige på kr 1.181,-  På møte 20.09.06 stilte styret i Sæbø grendalag  seg positive til å inngå ein 20års bruksavtale med Opplysningsvesenets fond vedr. bruk av Kapteinskvia til foreslått årleg leige på kr. 1181,- Hjørundfjord bygdeutvikling fekk mandat til å forhandle fram endeleg avtale som leggast fram for styret i Sæbø grendalag for endeleg godkjenning. I etterkant har Opplsyningsvesenets fond tatt opp om kjøp av omtenkt område kan vere ei betre løysing. Pris og vilkår er ikkje diskutert.

I 2007 vart det søkt om prosjektmidlar med Sparebank1, og den 12.mars var vi tilstade på arrangement i Aasen-tunet. Der fekk vi kr 50.000,- Krava for å få tildelt midlar  er at prosjektet skal ha varig verdi, vere konkret og ha brei nytteeffekt i nærområdet. Eit halvt år etter at midlane er mottekne, skal det sendast rapport til banken der ein skildrar status i prosjektet. Vert ikkje dette gjort, kan det medføre at vi seinare ikkje får tildelt gåvemidlar med banken.

      ·        Etablering av grovavfallsplass for Sæbø / Bondalen.

Hilde Muren (Sæbø grendalag) og Kjell Otto Holen (Hjørundfjord Bygdeutvikling) har hatt fleire møter med repr. Ørsta kommune (Gunnar Wangen og Anne Stine Foldal, leiar i FUM) og VØR. Både kommunen og VØR er interesserte i å etablere ein grovavfallsplass på Sæbø som ein forsøksordning, men har bedt Grendalaget/Bygdeutviklinga finne grunn. Dette har ikkje latt seg gjere.  VØR har elles informert om at ordninga med bygdekontainerar opphøyrer. Det kan bli aktuelt med sorteringskontainarar med lokalt vakthald frå 2007.

       ·            Framlegg til utviklingsplan for Sæbø sentrum.

Eit av hovudmåla til Hjørundfjord bygdeutvikling er fornying av Sæbø sentrum. Sæbø grendalag har vore representert i nemnda som har arbeidd med planen som er lagt utpå Hjørundfjordportalen for debatt.

        ·            Søknad om etablering av laurdags- og søndagsrute mellom Sæbø og Ørsta.

Skrive brev til Mørebil og søkt om ny etablering av laurdags- og søndagsruta mellom Sæbø og Ørsta.  

·        I forslagskassa har det kome inn eit forslag om etablering av ungdommens hus på Sæbø. Kanskje i gamle aldersheimen. Saka vart handsama 20/9: Sæbø grendalag støttar initiativet frå ungdomen om etablering av ein stad for dei å vere. Dessverre disponerer grendalaget ikkje finansielle ressursar til å etablere ein slik stad, og vi ber ungdomen ta opp saka på Ungdomsmøte/Framtidskveld 28.september.

·        Bedt om orientering frå Skule- og oppvekstsjefen vedr. planar for gymsal ved Sæbø skule. Vi har ikkje mottatt svar, men fått informasjon via Hjørundfjordportalen.

·        Grendalaget har etablert eiga heimeside: http://sabogrendalag.blogspot.com/. Vi bruker samstundes Hjørundfjordportalen som informasjonakanal. Sannsynlegvis bør dette vere vår hovudkanal slik at heimesida kan leggjast ned.

·        Kontakta Ørsta kommune ved ordførar, formannskap og gruppeleiarar. Bedt dei prioritere ferdigstilling av vegen til Sæbøneset, både utifrå omsyn til dei som allereie bur her og av omsynt til dei som kanskje kan tenkje seg å byggje og bu i feltet. I februar svara teknisk sektor at det i budsjettet for 2007 er avsatt 4 mill kroner til opprusting av komm. vegar og trafikksikring.Det vi lsnarleg bli lagt fram sak for fagutvalet for prioritering av midlane. Vårt skriv blir lagt fram i saka.

·        Vurderer å koste gatelys ved brua over Lisjeelva.

·        Vurderer å arrangere vårfest, td Pinsebrising, på Kapteinskvia før HJørundfjorddagane. Bålet er så stort at det treng å bli brent to gongar årleg, i tillegg unngår vi ukontrollert nedbrenning under Hjørundfjorddagane. Alternativt be nemnda sørge for vakthald.  

Aktivitetar:

·        Dugnad Kapteinskvia/badeplassen: Arrangert 14. juni med noko mindre oppmøte enn i 2005, men god innsats av dei som kom. Ved hjelp av traktor fekk vi og rydda badestranda godt. Vi fekk og klipt marka med bioklippar nokre dagar før dugnaden, det letta arbeidet på dugnadsdagen.

·        Lurvetog / Jonsokfeiring: Tradisjonsrikt arrangement med godt oppmøte også i år. Bålet brant rett nok ned under HJørundfjroddagane, men mobilisering av bygda gjorde at vi fekk reist eit nytt bål til Jonsokaftan.

·        Sommarfest: Vart arrangert 12te august ved skulen. Godt oppmøte frå kl 1800 til langt på kveld. Nemda bestod av: Øyvind Taklo (leiar), Wenche Strand, Marit Riise Olsen. Nemnda informerte styret om vanskar med å velge plass til sommarfesten. Skal festen vere i sentrum (kaia) eller på meir barnetrygge stadar? Styret handsama saka 20/9 og vedtok at ein rår til at sommarfesten arrangerast på Kapteinskvia som skal bli vår framtidige brukspark med grillplass. Plassen er godt egna for barnefamiliar og godt synleg for forbipasserande.

·        Nyttårsfeiring i Fonnvernet: Tradisjonsrikt arrangement med svært godt oppmøte.

·        Grendalaget har etablert eiga heimeside: http://sabogrendalag.blogspot.com/. Vi bruker samstundes Hjørundfjordportalen som informasjonakanal. Sannsynlegvis bør dette vere vår hovudkanal slik at heimesida kan leggjast ned.

·        Flåta på badestranda er tatt på land for vinteren.

 

 GÅVER:

1        Hjørundfjordfondet.

2        Ørsta kommune / kulturmidlar.

3        Sparebanken Ørsta/Volda – gåvemidlar.

4        Sparebank1 Volda Ørsta – prosjektmidlar 2007

 

 SPONSORAR:

Våre arbeidsgjevarar.

 

Sæbø, 01/02/07

Styret