Som nemnt set vi som bur i Hjørundfjorden stor pris på at vi har venner utanfor fjorden.  Vi veit at Svein Myhre er ein av dei.  Ein annan er Ola Wattø.    Ola er fabrikksjef på Nortura BA/Gilde sitt slakterianlegg  i Ålesund. Han også bur  i Ålesund, men mange dagar i året er han å finne  i Hjørundfjordfjella.  Ola Wattø veit også korleis han skal få til god reklame for produkta til oss samvirkebønder... 

Eg har fått lov å bruke desse fotoa på hjorundfjord.no - som ein liten reaksjon på Vibeke Mo si reklame for Q-meieria. :) 

Dette er ei lita oppgåve for dei litt vidarekomne - kva heiter fjella i bakgrunnen og kva heiter fjellet Ola står på?

IMG_7957

Fotoet over er så vakkert at vi må legge inn eitt til.  Under står Ola  framleis på det  same fjellet. Kva heiter det?

IMG_7959 

Og kva fjell ser vi i bakgrunnen her?