Vanlegvis har Rekkedal Gjestehus arrangement for næringsliv, venelag, kurs, konferanser, åremålsdagar etc, men no i påskeveka, nærare bestemt tirsdag den 3. og onsdag den 4. april, ynskjer Margrethe og Bjarne Rekkedal alle velkomne til ein god middag i eit kulturhistorisk miljø.

20070217_0218

Bjarne og Margrethe serverer mat av høg kvalitet. 

Desse to kveldane vil det verte servert ein påskemeny - ein tre rettars middag der lammekjøt er hovudingrediensen.  Men ikkje berre det - før middagen vil gjestane få litt å bite i, eller handmat som Margrethe og Bjarne gjerne kallar det.  Handmaten er av italiainspirert, heimebakt brød og mòr.  Det er sjølvsagt gjestane som avgjer kva  dei  vil drikke  til maten, men Bjarne understrekar at Rekkedal Gjestehus eigenimporterer kvalitetesvin direkte frå Italia.

20070217_0217

Ved Rekkedal Gjestehus er det ikkje berre god mat, men også godt humør. Her ser vi Frøydis Skår (bak) og Margrethe Rekkedal.

Margrethe og Bjarne ynskjer at gjestane kjem mellom klokka 19 og 20 og for den som vil vere med, vil det verte omvising både på låven/grindaløda, i vinkjellaren og i Iverstova/gamlestova.

Desse  dagane er dei to einaste i året at Rekkedal Gjestehus er ope for individuelle gjestar.   Bjarne vonar difor at dette skal bli to hyggelege kveldar antan ein  berre er to som ynskjer ein god middag, eller er med i større eller mindre grupper.  Bjarne opplyser til hjorundfjord.no at Rekkedal Gjestehus allereie har fått inn ein del bestillingar for onsdag den 4. april, men også denne dagen er det framleis ledige bord/småbord.

Rekkdal Gjestehus har god kapasitet - på låven er det plass til 40, i vinkjellaren 20 og i Iverstova er det også plass til ca. 20 gjestar.  Likevel bed vertskapet om at ein ikkje ventar for lenge med å bestille bord.  Gå inn på http://www.rekkedalgjestehus.no/# for nærare informasjon - telefon m.m.