Eg kan hugse frå dei snørike åra på 50 talet, at det var stas når det tøya såpass oppunder Pebakkane at dei første kvitveisane kom til syne. Seinare var det borti øyane det vart heilt kvitt mellom trea. Og det var tilfelle i fjor også.

 

DSC00028

Her fann eg dei oppunder Pebakkane, akkurat som for 50 år sia.

Så gjekk turen nedi øyane, der eg gjekk meg på ei bot med vårkål. Lærar Hovdevik brukte kvar vår å ha ein konkurranse der vi kom med dei første eksemplara av kvar art, og han skreiv opp på ei liste kven som var finnaren. Vårkål fann dei vanlegvis først i prestehagen. Kanskje dei er der endå?

DSC00035

Vårkål i moraset bortom gamle-Rise.

Lenger borte i øyane var det nesten som skogbotnen hadde fått dyne på seg av favoritten min.

 

DSC00034

Kvitveisdyne i lensmannøyane.

Kjem ein godt uti mai, må ein opp i høgare strok for å finne kvitveisen. Eg synest at det gjer vårskituren rikare når ein ber skiene gjennom kvitveisblømande ræser på jakt etter snøen.

Eg brukar å seie til Lars Petter Strandmann, at når eg kjem ned att frå skitur i nydeleg vårføre til blømande kvitveis og får høyre lauvsongaren, då har eg fått rikeleg løn den dagen.

557 bilde 514

To blide karar, Knut Hustad og Lars Petter Strandmann på veg ut gjennom " kvitveisråsa" mot Lissjedalen. Vi er på veg mot Grøttdalstinden frå austsida, som er ein fin vårskitur. Biletet er frå våren 2003.

Vi er allereide godt ute i mars månad og snart kan vi nyte våren og kvitveisen att.

Ha ein nydeleg kvitveisvår!