Linda Stokke (leiar i nemnda), Hilde Muren og Roy Lillebø (begge frå grendalaget) møtte spente opp. Vi forstod her var pengar å hente, men kor mykje?

Etterkvart kom tala opp, totalt vart det fordelt 850.000,- Her var 85 søknader, og 16 av desse fekk midlar av banken. Først fekk Voldingane for sine prosjekt. Etterpå var det Ørsta. Jamen er her masse spanande prosjekt på gang i kommunane våre! Og eit av dei prosjekta er Kapteinskvia. Vi fekk kr 50.000,- Hurra!!!!! Rett nok treng vi meir pengar (og dugnad), men no er vi i gang.....

Vi har elles inne søknad om midlar med både Tussa og Ørsta-gruppen, og oppmodar dei om å gi oss same positive svar som banken vår gjorde. Vi har eit kjempeprosjekt på gang, men treng starthjelp.

Tenk om vi kunne feire sommarfest i nytt grillhus på kvia ....... :-)