DSCN2210

Ei analog tv-sending, motteke av bordantenne. No skal dette erstattast av mykje betre digitale signal - men når dei Hjørundjforden?

På selskapet ntv sine offisielle nettsider, ser dekningsgraden ut til å vere god for Hjørundfjorden, men på ei anna side, der det vert gått meir i detalj, er ikkje utsiktene så gode. Linken til denne sida er her:http://app.fleximap.com/ntv/mapform.aspx

Ut i frå desse sidene kan det sjå ut som om store delar av Sæbø/Bondalen, Bjørke og grendene i Norangsdalen vert utan dekning. Då er alternativa parabol eller kabel, men mykje av Hjørundfjorden er i parabolskugge, og kabel-utbygging er dyrt på andre stader enn Sæbø sentrum, der det alt er kabel.

Det nye digitale bakkenettet vil innehalde mange kanalar. Alle NRK-kanalane, alle TV2 kanlane, og kanalar som TV3, TV Noreg og ymse vitskaps- og underhaldningskanalar vil vere i pakka.

Når dette digitale nettet er ferdig utbygt, vil dagens analoge system vert stengt. Ein må gå ut i frå at det framleis vil verte kravd fjernsynslisens, sjølv om det vert uråd å ta i mot signal.