I går, 18.mars, møtte 28 medlemar(inklusiv styret), frå Bondalen og Standal, til årsmøte på Grendahuset.

Anne Sofie Egset engasjerte forsamlinga då ho snakka om ulike sjukdomar som kan føre til demens. Kva situasjonar som kan oppstå og pårørande sine reaksjonar.

Vi hadde ein triveleg kveld og praten gjekk livleg i kaffepausen. Som vanleg var der god mat.

Det nye styret er: Idunn Myrene, Hilde Sæbønes, Sigrun Hjellen, Alfhild Wille, Anne Pauline Lyshagen, Ruth Rekkedal Pedersen, Karin Frøland. Dei konstituerer seg på første styremøte.