Vi  inviterer fastbuande, alle slektningane med røter frå Urkebygda, hyttefolk  og andre som har interesse av å bli med på eit slikt arrangement. ”

Komiteen si vurdering er at grendahuset er for lite til samlingslokale og vi har fått lovnad på å  leige inn eit stort telt med tilhøyrande bord og benkar. Dette vert sett opp på leikeplassen ved skulen, medan grendahuset fungerer som tilleggsareal.

Vi startar ved grendahuset 18. august kl. 13. Først blir det gitt ei orientering om opplegget for helga. Planen for laurdagen er slik:
-    Kulturvandring med hovudvekt på gamleskulen som låg ved vegen mot kaia.
-    Ny samling ved grendahuset der ein får middag m/saft, kaffi og noko å bite i.
* Ulike programinnslag ved lokale krefter.

Komiteen skal ha nytt møte 4. juni og vil då vurdere kva tilbod som kan bli aktuelle på søndagen. Vi vil drøfte situasjonen med sogelaget, etter at vi ser påmeldinga pr. 01.06, og vi ønskjer ikkje å konkurrere med sogelaget sitt tilbod om kulturvandring på Stennes. Det komiteen vurderer som aktuelle tilbod er: 1. Ein tur framover den nye Klokksvegen og vidare til Myrsætra. Ein får då med seg opplegget for det nye kraftverket. Heimturen går over brua ved Myrsætra, om Haukåssætra til Urkegjerde.  2: Leknesdalen og bjørnehiet. Vi   viser og til nettportalen www.hjorundfjord.no  der vi vil legge inn opplysningar etter kvart som heimkomehelga nærmar seg!

Budsjettet skal berre dekkje kostnadene til mat m/saftdrikke, teltleige og annonsering. Deltakarar under 15 år går gratis.  
Kostnad pr. deltakar vert likevel  250 kr. Dette vil bli kravd inn laurdag før middag.

Komiteen går ut frå  at den enkelte syter for overnatting og mat utanom fellesarrangementet. Urke landhandel er oppmoda om å ha utvida opningstid både laurdag og nokre timar søndag (løyve er innvilga) og evt. stå for sal i/ved grendahuset.

Det er svært viktig at vi innan 1. juni kan skaffe oss eit oversyn over kven og kor mange som skal delta. Vi treng difor å få inn påmeldingane framover våren og det er ikkje nødvendig å vente til fristen går ut!! Vi spør etter namn, adresse, sikraste telefon, ev. tilknytning til bygda (knytt til tun/gard ) og ev. under 15 år. Vi vil lage ei deltakarliste som skal delast ut til alle som møter. Lista kan vere til god nytte for deltakarane og når vi spør om ev. tilknytning,  er formålet å gi orientering til dei frammøtte. Du er like velkomen om du ikkje finn grunn for å føre opp tilknytning til bygda!

Påmeldinga kan sjå slik ut (Ved fleire frå same familie/meldar, gi opp alle namna):

Deltakar:___________________________     Adresse:_____________________________________

Telefon:______________  Ev. tilknytning til bygda:_________________________ Under 15 år:_______
Vi må prøve å få med desse opplysningane ved telefonpåmelding!

Påmeldinga kan formidlast  slik  (innan 1. juni!):
Skriftleg (post) :     Torbjørn Urke,         Starevegen 5,         6050 Ørsta
Dessutan tek vi mot påmelding:
                    Telefonar:                    E-post:
Torbjørn:        906 75 253                    torbjorn.urke@hivolda.no
Nelly:            70 06 21 14 (arb.)  70 06 20 87 (priv.)
Per:            70 14 19 68                     per.urke@adsl.no    
Kjell:            70 25 76 22                    kjell.ronning@norddal.kommune.no

VEL MØTT PÅ URKE TIL HEIMKOMEHELG  18. – 19. AUGUST 2007 !!!
Helsing frå komiteen:

             Nelly Urke (70062087)               Torbjørn Urke (70066957)         Eldrid Øye         (70062054)
            Kjell Rønning (70257622)            Jon Rønning (70062031)            Per Urke (70141968)

Urke-Eldste skulen

Eit svart kvitt bilde frå Hjørundfjordsoga III

Eldste skulen på Urke stod nedanfor Storefura, ved Frikereina. Under kulturvandringa
skal me få høyre meir om dette bygget som no er fritidsbustad på Leknes, 
før var skreddarverkstad på 1950-talet og skule frå 1800-talet heilt fram til 1948.