Det var sommarferie og turen gjekk til Kvamsedalen, etter litt overtaling. Eg pakka sjølvsagt min faste følgjesvein - stormkjøkkenet, så sjokolade, real turmat (berre tilsett vatn), fiskestonga mi, slukar osv.

 

Vi køyrde til fellesfjøsen på Kvistad og begynte og gå. Vi tok oss ein pust i bakken der råsa til Vasstøylen  skil lag med råsa til Kvamsedalen og då var det sjølvsagt fram med ein sjokoladebit. På slutten av Kvamsedalsfjellet var tok vi den andre pausen, og såg ned i Kvamsedalen. Det var eit vakkert syn og vi kunne sjå fisken hoppe etter fluger og mygg. Vi begynte og gå igjen heilt til vi kom til Osten da tvinga pappa med til og posere framfor den såkalla Osten som er ein firkanta stein. Og han fekk vilja si til slutt.

 

Kvamsedalen nye0005

Eg oppe på Osten.  Fjellet Kjerringøyra i bakgrunnen.

 

  

Då vi kom ned til sela var det med ein gong opp med fiskestonga og på med sluk. Eg brukar ei Walton innlands stong som er for slukar mellom 5 til 20gram. Det vil eg anbefale på det sterkaste for dei som ofte fiskar innanlands.  Du kastar dobbel så langt med den som ein vanleg alt mogleg stong!! Sluken som eg også vil anbefale til fint ver, er ein blå spinner som du får kjøpt overalt.

Kvamsedalen nye

Først middag, så fisking.  Real turmat, kylling i carry, stod på menyen.

 Vi hadde nettopp ete real turmat som er trykkpakka middag (får også kjøpt som frokostblanding) for to.  Den kostar rundt 70 kr. Denne gongen blei det kylling i karri. Og no var vi klare til å få storfangst! 

 

Kvamsedalen nye0001 

Klargjering før fiske. 

Eg har merka det at fisken blir mykje meir aktiv om kveldane enn om morgonane. Himmelen var knall blå og eg tok det første kastet. Det nappa med ein gong og det var ein bra matfisk som eg hala i land. Vi fiska oss bortover til vi kom til ein sandbanke og det var då ein stor fisk på 30cm beit på.  Eg fekk den i land og jubla så det kunne høyrast over heile dalen. Og pappa fekk høyre!

 

Kvamsedalen nye0003

Det er ikkje så ofte ein får så store fiskar i Kvamsedalen.

 

 

 

Eg minnar han fortsatt på at eg har fått ein større aure ein han i Kvamsedalen. Men det var ingen grunn til å slutte og fiske.  Vi fortsette og fisken var veldig bitarvillig! Vi fiska oss heilt bort til yndlingsplassen min. Det er der vatnet renn ut, der er det store djupe hølar som har ein diameter på ca 10 meter. Der skifta eg til makk og lempa snøre ut i. Men denne gongen var det ikkje mykje fisk og få der.

 

Kvamsedalen nye0008

 

Kvamsedalen nye0009

På dei to fotoa over, fiskar eg i hølane der elva renn ut av Kvamsedalsvatnet. Eg spør som pappa - kva heiter dei to fjella i bakgrunnen?

 

Plutselig høyrar vi ramnen, og eg tok fram mobilen og tok opp lyden. Vi begynte å gå tilbake da eg plutselig spør: Du pappa la ikkje du igjen fisken borte med sandbanka? Og då blei plutselig den hyggelige gåinga om til ein sprint på 100 meter. Då vi kom fram hadde ramnen tatt to fiskar, men heldigvis ikkje toppen av kransekaka, nemlig fisken min på 30cm.  Og då var sjølvsagt alt greitt. Vi gjekk tilbake til selet og laga oss kveldsmat, nemleg stekt fisk.

 

Kvamsedalen nye0006

Ferske, nysteikte kreder er gode saker.

 

Kvamsedalen nye0002

Så har natta gått og det er tid for frukost - og så fiske igjen.

 

 

 

Og kva er vel betre enn det? Neste dag var vi ute og fiska og vi fekk fangst då også. Når vi kom tilbake til selet laga vi frukost og militærte ( te med mykje sukker). Og då gjenstod det berre og skrive oss inn i boka, og vandre heim att og vi satt igjen med gode minner.   

 

Kvamsedalen nye0010 

Pappa og eg på veg heim.