Jau, eg har nok snakka med denne mannen ein gong eller to tidlegare, men å påstå at eg kjenner han ville vere å overdrive.  Likevel tok eg sjansen og sende han ein e-post: Kan eg ta med fotoapparatet og stikke ein snartur innom til deg?  Svaret kom dagen etter – kort og presist:  Velkomen.  Enok.

 

Eg hadde leita opp huset til Enok  på heimesida hans så eg  skulle  klare å finne fram.  Ingen grunn til uro.   Då skyssbåten M/S "Hjørundfjord" kom til Bjørke, stod ein mottakskomite klar på kaia – Enok og bilen hans.   - Velkomen til Bjørke.  Enok strekte fram høgrehanda.

 

Bulken i høgre framskjerm på Audien  var så stor at den måtte kommenterast.  Svaret frå Enok kom nærast før eg hadde fått spurt. - Ser du kor heldig eg var.  Det er berre skjermen som er skada.  Eg forstod at eg ikkje hadde med nokon pessimist å gjere.  I same farta nemnde han eit lite sår i panna: - Eit dørblad kom i vegen.  Så veit vi det.

Portalen 002

- Eit dørblad kom i vegen, seier Enok og siktar til eit lite sår i panna.

 

Allereie før vi er komne inn i huset til Enok er vi godt i gong med praten. – Dette huset er nok eit produkt av kommunesamanslåinga i 1964, trur Enok.  Det gjaldt å bruke opp mest mogleg pengar før ein slo seg i lag med Ørsta og Vartdal til ei kommune.  Dette huset var nok eit resultat av det.  I hovudetasjen vart det gjennomgansbustad for lærarar.  I kjellaretasjen vart det bank og legekontor. 

 

Snart er vi inne i venteromet – det som i dag er biblioteket i huset.  Her er bøker over alt, også på bordet.

IMG_3910

I biblioteket er det bøker - mange bøker.  Det er vel slik det skal vere.

Kva for ei bok har du på nattbordet no?  

Det er biografien om bokmålet sin far – Knud Knudsen – av Egil Børre Johnsen.  Men beste leseplassen min er nok ikkje i senga, eller i dette tidlegare venteromet til banken og legekontoret.  Nei, beste leseplassen er nok ved kjøkenbordet.

IMG_3911

Den beste leseplassen er ved kjøkenbordet.  Frå denne staden ser Enok m.a. til Finnes.

 

Så er vi inne i banklokalet.  Skal eg tillate meg å hevde at dette romet no har blitt hjernen i huset?  Her står pc-en på kontorpulten.  Nei,  som eg trudde;  pc-en er slett ikkje av gammal årgang.   Og pc-en blir brukt.   M.a. brukar Enok tastaturet til å få fram godord på Hjørundfjordportalen – godord som gjerne er skreve på ein underfundig måte, men som oppmuntrar både ”gamle travarar” og den som vågar seg frampå for første gong med ein liten artikkel.  Og så har Enok ei flott heimeside – http://www.hugen.no/

IMG_3904

Pc-en er plassert i det tidlegare banklokalet i kjellaren.  Er det Trollhatten vi ser på skjermen?

 

Du har ei god heimeside, Enok.  Kjekk å lese.

 

Takk, men det er nok blogg som er i vinden no.  Eg vil prøve det ei stund, har eg tenkt.

Kven hjelper deg med å lage heimeside, ordne til blogg osb.? 

Nei, det gjer eg nok sjølv.  Eg har aldri gått eit datakurs.  Såleis kan eg lite teknisk.  Eg veit ikkje kva java-script, eller kva ein no kallar det er, men det er mange gode hjelpemiddel på   dette nettet, ein kan lære mykje sjølv om ein ikkje er ungdom lenger. Men pass på.

Å? 

Eg prøver ikkje å bruke alt for mykje tid her i banken.  Det finns diagnose for den som brukar pc-en for mykje.

Snart er vi oppe i stova – i sofagruppa med kaffi og kaker.  Det er gjer godt for kropp og sjel og snakke med denne Enok. 

Enok er Enok Kippersund, 71 år, utdanna lærar, har jobba i forlagsbransjen i Oslo – hos Aschehaug og i Det Norske samlaget.  Han har 6 born og saman med resten av familien flytta han til Bjørke tidleg på 70 talet det.  Borna har blitt godt vaksne og har flytta ut av barndomsheimen og bygda, men Enok og kona Magnhild bur her framfleis.  Enok var lærar og rektor før han vart pensjonist.  Han har og vore i kommunestyret for partiet Venstre – kva anna?  I dag er han eldsjel og tek også imot klientar som ynskjer ein prat når livet kan butte imot.  – Men eg annonserer ikkje lenger, opplyser Enok.  Han har sikkert nok å gjere likevel.  Og ringjer presten og spør om han kan ta på seg å halde ei gudsteneste, svarer Enok ja.  Enok har ein enkel leveregel:  - Spør nokon meg om noko, svarer eg ja om eg har høve.

 

Men det vert nok ikkje mykje tid til overs for elskarinna mi og meg denne vinteren.

 

Elskerinna? (Eg kviskrar nærast for eg høyrer at kona Magnhild i  gangdøra)

 

Ja, eg brukar å rekna Prillar-Guri for elskarinna mi, seier Enok..  For den som ikkje veit kven Prillar –Guri er, kan eg opplyse at ho er den berømte telefonkiosken på Bjørke.  Les meir på denne bloggen.

IMG_3918

 

Men Enok er heller ikkje berre mild.  Også brukarane av hjorundfjord.no har fått med seg at han har brukt tid til å kjempe for breiband til heile fjorden.  – Kvifor skal ikkje  alle hjørundfjordingar få breiband når heile samfunnet i dag reknar bruken av internett som ei sjølvfylgje?  Fans det politikar  i si tid som hevda at alle ikkje skulle få lagt inn elektrisitet i husa sine ”fordi det ikkje var økonomisk lønsamt”?  Sjølvsagt ikkje.  Enok svarer sjølv på spørsmålet.

 

Jau, eg har nok også ringt til  Tussa Kraft om det manglande breibandet. Men når eg har ringt, har eg blitt møtt av ”ein eller annan hyggeleg person på eit eller anna forværelse”.  Når eg har spurt om å få snakke med ein eller annan, ja, då blir eg sett over til ein annan person som igjen set meg over til ein tredje person som igjen…  Det vert nærast som å gå gjennom ein lang korridor med mange dører. Dørene opnar seg ei etter ei, men ein når aldri fram til dit makta sit.  Slik er det forresten med mange store bedrifter – slett ikkje berre Tussa.

IMG_3913

 

No har sjølvsagt  Enok fått med seg at det ikkje er Tussa Kraft A/S som har ansvaret for breibandutbygginga i området.  - Det er eit eige selskap i Tussa som tek seg av dette, forklarar Enok. Tussa har fylgt med i timen, må vite.  Dei har splitta seg opp i fleire selskap.  Kvar av sjefane i desse underselskapa må skaffe økonomisk overskot til ”storemor”.  Desse undersjefane speidar igjen etter stadar der dei kan finne forteneste.  Enok legg her  handflatene nesten saman og kikar gjennom glipa og beveger hender og hovud fram og tilbake.   Sjølvsagt burde dei ha teke vekk desse hendene og dermed hadde dei sett heilskapen.  Dei hadde forstått at det  var i samfunnet si interesse at alle må få  breiband.  Men Enok seier seg lei for at han nok har vore for hard mot ”breibandutbyggingssjefen”.  – Han gjer nok sitt beste.  Det er systemet som er slik i dag.

Men er det ikkje kommunen som eigentleg har ansvaret for breibandutbygging til alle i kommunen? 

Eg har vore lokalpolitikar sjølv og veit nok at kommunen ikkje har så mykje pengar…

Men dei har visst millionar på bok til utbygging av turistskipskai i Ørsta? 

Du, seier Enok, eg veit ikkje om turisme er berginga for Ørsta sjølv om alle ser ut til å meine det no.  Men så vil han ikkje snakke meir om det. – Eg har for lite greie på dette, påstår han.  Men han meiner at politikarane må ta meir makt tilbake, ein kan ikkje stole berre på marknadskreftene slik ”alle” tykkjer å gjere.  – Marknadskreftene tek ikkje sosialt ansvar, har ikkje omsorg utan at dei tener pengar, hevdar Enok.

IMG_3914

 

Praten går, vi diskuterer politikk, vi diskuterer hurtigrutetur, vi diskuterer kamera…. Tida går og M/S ”Hjørundfjord” skal snart tilbake til Sæbø.  Eg må gå, men Enok – ja, han er far til ”Skeptikaren” – seier ja med ein gong til å bli med på ein liten spøk, jfr. tidlegare artikkel her på hjorundfjord.no.  I det eg er på veg mot skyssbåtren, kjenner eg meg i svært så godt humør.  Ja, det er godt å prate med altmoglegmannen på Bjørke.

 

I det siste har vi sett at Enok og elskarinna Prillar-Guri har vore svært så opptekne med å førebu 10-årsjubileet for telefonkioskaksjonen.  Les meir her http://prillarguri.wordpress.com/.

Søndag den 4. mars klokka 14 startar det heile med samling ved Prillar-Guri.  Deretter vert det drøs, mimring og hygge på Bedehuset på Bjørke.  Dei to ynskjer alle velkomne.  Og berre så det er sagt:  Kampen for Prillar-Guri og kampen for breiband er to sider av same sak.  Seier Enok.