Dette har vore ein særs innhaldsrik tur for oss og være. Det har vore ein god del landligge i forskjellige havner, og den flottaste plassen var no utan tvil "Leith" rett utanfor "Edinburgh". Sjølve havna er no ikkje så mykje meir en ei hvilken som helst havn, bortsett frå at vi må i gjennom ei sluse for å kome inn og ut. Men byen Edinburgh må eg sei var ein positiv opplevelse, med alle sine severdigheiter.

Brua på Kongeskipet

Dette bilete er tatt på brua til Kongeskipet "Britannia". "Britannia" har sidan 1997 vore museum i havna i "Leith". Dronninga ville visst ha seg eit nytt skip men det fikk ho ikkje fordi det vart for dyrt. Må sei at eg godt kan forstå det når eg såg kor mykje gull og glitter det var her ombord. "24karat bladgull på skutesida".

Eg på dekk stb side bak brua.

Her står eg på stb. side bak brua, det var ikkje mykje flisar og sjå på tredekket:-). Bak trappa til høgre på bildet er det ein glassgarage med ein RR inni. Beklagelegvis så forsvant eit fotokamera på turen vår, så nokre av bileta er tatt med mobiltelefon.

På vei inn i Rosslyn Chapel

For ikkje å drage det maritime ut i det keisame så fekk vi sjømannsprest "Jostein Handal" til å vise oss litt rundt omkring i området. Då blir no det selfølgeleg eit besøk til "Rosslyn Chapel". For alle så har lest boka eller sett filmen om "Da Vinci Koden" så er no dette litt spesiellt. På bilete over så er vi på vei inn i Rosslyn. Alt dette mikk makket rundt er eit tak som er laga til no for at dei skal klare å tørke opp steinen det er bygget av. På midten av 1990 begynte det å kome noke sopp inne i Rosslyn.

Inne i Rosslyn

Orgelpiper Rosslyn

Bileta over viser no at dei har hatt god sans for detaljar når dei bygde dette. Det er neste så at eg tvilar på at noken i dag hadde klart å bygge dette. Eg vart mest ståande og måpe.

Etter dette så gikk ferden vidare til "Edinburgh Castle".

Edinburgh Castle

Eg har no vore på slottsturar før her borte i Scotland, men dette tar kaka. Bilete over er eit av husa inne på slottsområdet.

Stor kanon

Selfølgeleg eit stort slott må ha kraftig skyts til å forsvare seg med. Det stod faktisk skilt om at det ikkje var lov og klatre inn i løpet. Vi fikk også sjå dei Scotske kronjuvelane som ligger godt bevokta inne på slottet.

Etter ein så historisk rundtur så enda vi opp på eit Whiskey museum. Men som alltid så alt som er godt har ein ende og vi måtte tilbake på arbeid neste dag.

Eg og losen

No er vi på vei ut av slusa.

Ut av slusa i Leith

Då var det rett til havs igjen på arbeid. I skrivande stund så er vi langs ei plattform som heiter "Dunlin A" på UK sektor. Vi ligger her og pumpar ein miks saltsyre, brine og sjøvatn. Vi har med oss 14 personar ekstra som styrer prosessen på dekk. Bildet under er tatt i går kveld med mobil. På bilete nede til venstre kan ein sjå dei 2 slangane som vi er kobla opp i.

Langs Dunlin

Dette prosjektet vi er på no er faktisk ein del av demobilisering av denne plattforma. I 2012 skal heile plattforma vekk i frå havets overflate. Det vi styrar med no er å tømme store lagertankar som står på botnen for olje. Vi skal klare og få ut ca 30000m3 med olje som har vore umogeleg å få ut av tankane pga eit idiotisk design når dei var laga.(typisk engelsk)

Når vi er ferdige med dette prosjektet så blir det over til vanleg lastefart igjen.

Normalfart for oss

Her er eit såkalla arkivbilete av oss langs den plattforma som vi arbeider langs akkurat no. Bilete er tatt frå ein fiskebåt som passerte oss.

Slik det ser ut no så kjeme vi oss heim igjen no over helga, så då reknar eg med at det blir vel ein tur på Bellingen på Torsdag.

Vi snakkes:-)