Merknaden vart levert Ørsta kommune torsdag, er er ganske omfattande. Han tek føre seg dei fleste emna kystsoneplanen omhandlar. Bygdemobiliseringa helsar også ei hytteutbygging velkomen.

 

Under kan lesarane studere merknaden i sin heilskap:

 

Merknad til kystsoneplanen

 

Hjørundfjord bygdemobilisering er eit prosjekt som er sett ned for å få til ny vekst i Hjørundfjorden. Åtte frivillege lag og organisasjonar har gått saman, og vi har som mål å stoppe folketalsnedgangen. Prosjektet er støtta av Møre og Romsdal fylke.

Det er for oss ein tydeleg samanheng mellom sysselsetjings- og trivselstiltak der trivsel er eit av fundamenta for bulyst, ei bulyst som gir næring til utvikling og til entreprenørskap, etableringslyst og sysselsetjing.

I arbeidet vårt skal vi motivere, mobilisere, organisere og kome med idear til tiltak som kan fremje trivsel og sysselsetjing. Vidare ser vi på Ørsta kommune som ein viktig medspelar i dette arbeidet. Kystsoneplanen vil vere ein viktig premissgjevar i åra framover, då arealbruken i sjøen og på land langs kystsona vil leggje føringar på kva tiltak som kan gjennomførast, og kva satsingar som det må motiverast til.

Styringsgruppa for bygdemobiliseringa er samde i den grovoppdelinga kommunen i forslaget til plan legg opp til. Det vil seie at det for Hjørundfjorden sin del må vere ei satsing på reiseliv og landbruk som skal gje vekst for framtida.

Styringsgruppa i Hjørundfjorden bygdemobilisering er opptekne av at Hjørundfjorden må sjåast i ein heilskap. Vi er uroa over at det vert satsa på ymse prosjekt og næringar, utan at det vert sett i samanheng med næringslivet og bygdelivet i fjorden elles.

Kystsoneplanen er ein reiskap der utviklinga av fjorden vert sett i ein heilskap. Kystsoneplanen er svært omfattande, og det er ikkje styringsgruppa sitt mål i denne merknaden å gå i detalj for kvar grend og gard som vert omtala. Vi vil i staden prøve å peike på nokre overordna føringar planen bør ha.

Hustadvika

Bygdemobiliseringa er positive til at naustrekkja i Hustadvika kan få ein spesiell status, men samstundes vert det påpeika at det ikkje må hindre vanleg bruk av nausta.

Byggjeområde

Vi er samde med kommunen i prinsippet om LNF-sone 1, der det vert opna for spreidd utbygging av bustader/fritidsbustader. Vi er vidare samde i at det må visast fleksibilitet i saker som gjeld bustadbygging.

Styringsgruppa vil likevel påpeike at landbruket er og vil vere ei viktig næring i Hjørundfjorden. Det må visast varsemd med å ta vekk produktivt jordbruksareal til fordel for ei for storstilt utbygging. Når det gjeld naust er det positivt at det vert lagt opp til meir utbygging av naust i fjorden.

Det er ikkje opna for utbygging av rorbuder. Der vil vi be om at kommunen gjer ei ny vurdering. I einskilde av områda i fjorden vil det berre vere heilt nede i strandsona ei utbygging av fritidsbustader vil vere mogleg, og då kan rorbuder vere ei god løysing. Historisk er det ikkje tradisjon for rorbuder i vår del av Noreg, men byggjeføresegnene til kommunen kan lagast slik at slike bygg vert tilpassa lokal byggjeskikk, jfr. notanaust ol.

Næringsverksemd

Det er i planen lagt opp til areal for eksisterande landanlegg for fiskeoppdrett. Det synest bygdemobiliseirnga er positivt. Landanlegg for fiskeoppdrett er ikkje på same måten konfliktfylte overfor villaksinteressene og anna næringsverksemd som sjøanlegg. Dette vil vi kome tilbake til.

Det er vidare positivt at næringsareal vert sett av som fleksible, slik at ein i desse områda kan få ei meir konsentrert turistsatsing. Dei områda i Hjørundfjorden som alt er regulerte eller er under regulering, er ikkje med i kystsoneplanen. Bygdemobiliseringa finn det likevel rett å peike på at industriområda innanfor dei regulerte områda på Sæbø og Bjørke framleis får ha den statusen. Like eins ser bygdemobiliseringa positivt på det planarbeidet som er i gang på Standal med regulering av turistområde i strandsona. LNF-område

I planen er det lagt opp til fire typar LNF-soner. Bygdemobiliseringa ynskjer ikkje å gå i detalj på kvart område, men vil understreke at landbruket vert sikra gode vilkår i planen. Dette er av verdi for landbruket i seg sjølv, men også i ei noverande og framtidig reiselivssatsing. I Hjørundfjorden som eit reiselivsprodukt høyrer landbruket med. Som landskapselement er her viktig både urøyvd og røyvd natur. Til det siste høyrer eit aktivt landbruk med. Den røyvde naturen, gjerne kalla kulturlandskapet, må ha vekstvilkår også for framtida.

Bandlagde areal

Bygdemobiliseringa registrerer at det ikkje vert avsett nye bandlagde område i planen, og vi registrerer at det er forslag om at naustområda ved Notabreidsla på Bjørke og naustområdet i Hustadvika ved Sæbø vert føreslegne som område som seinare vert bandlagde for vern.

Styringsgruppa i bygdemobiliseringa er i utgangspunktet positive til dette, men vil understreke grunneigarane og nausteigarane sine mulegheiter til å bruke desse nausta aktivt også for framtida. Vi er overtydde om at det beste vernet slike naust kan få, er at dei vert brukte og vølte.

Vinter07 011

Styringsgruppa i bygdemobiliseringa seier i merknaden nei til sjøbasert oppdrett i Hjørundfjorden, men ja til næringsutvikling innan reiseliv, landbruk og industri.

Akvakultur – oppdrett

Vi registrerer at det i kystsoneplanen er lagt opp til at det skal vere ei grense for akvakultur i sjø mellom Høydalsneset og Trandal. Innanfor for denne grensa skal det ikkje vere oppdrett, med unnatak av ein lokalitet på Viddal, medan det på utsida av grensa er plassert nokre lokalitetar, og der kommunen helst ynskjer at nye anlegg skal vere torskeoppdrett. Vi har også registrert at dette siste er eit ynske, og ikkje noko juridisk bindande.

Styringsgruppa i bygdemobiliseringa er opptekne av sysselsetjingstiltak for fjorden. Vi er likevel usikre på om oppdrettsnæringa inneber ein slik framtidig sysselsetjingseffekt. Vi registrerer at dei sjøbaserte anlegga vert meir og meir automatiserte. Vidare registrerer vi at eigarinteressene vert meir og meir sentraliserte og internasjonaliserte, og er av den meining at oppdrettsnæringa ikkje har vorte den lokale sysselsetjings-katalysatoren som det vart sagt for tjue år sidan.

Vidare meiner styringsgruppa at på sikt vil ei revitalisering av villaksstamma i dei ymse vassdraga i fjorden vere eit meir framtidsretta næringsgrunnlag. Sjølv no i dårlege tider for villaksen, representerer villaksfisket i Bondalselva store verdiar for lokalmiljøet. To campingsplassar og to forretningar på Sæbø er heilt avhengige av villaksturismen – med dei lokale arbeidsplassane dette gjev. Villaksfiske i vassdraga er også rekreasjon og helsebot, og passar mykje betre inn i ein geoturisme-samanheng enn det oppdrett vil gjere.

Vi tillet oss også å peike på uheldige miljøfaktorar ved oppdrettsnæringa. I tillegg til trugsmålet mot villaksstamma, utgjer sjøbasert oppdrett også ein forureinsingsfare. I tillegg meiner vi dei sjøbaserte anlegga visuelt ikkje passar inn i fjorden sitt heilskapsinntrykk. Difor er konklusjonen at Hjørundfjorden bygdemobilisering ynskjer at det vert sett ei grense mellom Gjeveneset og Festøya for sjøbasert oppdrett. Altså at Hjørundfjorden skal vere fri for sjøbasert oppdrett (Vi har tidlegare i merknaden påpeikt at landareala som er lagde ut til landbaserte anlegg, er velkomne). Vårt sekundære standpunkt er ei grense mellom Nes og Stavset, slik at nye anlegg ikkje vert etablerte. Eksisterande lokalitetar må gå over frå lakseproduksjon til torskeproduksjon.

Vi viser til at kommunestyret under handsaminga av nasjonale lakseelvar og laksefjordar peika på at føre-var-prinsippet skulle gjelde ved etablering av oppdrettsanlegg. No har kommunestyret sjansen til å nytte dette prinsippet.

Småbåthamner

Vi registrerer at det vert lagt opp til fleire nye småbåthamner, og det er positivt. I samband med bygginga av rassikringa mellom Bjørke og Leira er det viktig at det raskt vert avsett område til småbåthamn her, og at ein kan nytte tunnelmasse til føremålet.

Høgspentleidningar

I planen er det lagt inn sikringssoner for høgspentleidningar. Styringsgruppa meiner at i samband med planane om ei 420 kV-line frå Ørskog til Fardal, må leggje av ei sone til kabling av denne lina. Vert lina ein realitet, er det eit krav frå styringsgruppa at dette vert ei line som går i jordkabel/sjøkabel på dei aktuelle strekningane som gjeld Hjørundfjorden.

Vilt

Hjørundfjorden Bygdemobilisering ser det som positivt at det i kystsoneplanen er peika på område som er viktige for vilt. For Hjørundfjorden sin del er det spesielt peika på oter.

Det er viktig at i heilskapsproduktet Hjørundfjorden også er ein fauna som kan vere representativ, og at det i visse område er dyrelivet som vert prioritert. Dette må likevel ikkje gå utover gode fiskeplassar og garnplassar, noko vi også forstår ikkje ligg inne i planen.

Fiskeplassar

Det er i planen sett av område for viktige fiskeplassar. Vi registrerer at det er sett av fleire plassar for fiske frå land i ytre Hjørundfjorden, men svært få i den indre delen, frå Standal/Trandal og innover. Vi går ut i frå at dette ikkje vil seie det same som at slike fiskeplassar frå land ikkje kan etablerast også i desse områda, til glede både for fastbuande og tilreisande.

Vi vil også peike på at Hjørundfjorden har fleire gode område for krabberaking, og at ingen av desse er avmerkte. Ein slik plass er mellom Høydalsneset og Standal, og vil vere i konflikt med eit eventuelt oppdrettsanlegg her.

Konklusjon

Hjørundfjorden bygdemobilisering meiner kystsoneplanen kan verte eit godt verkemiddel til å fremje trivsel og sysselsetjing i Hjørundfjorden. Då er det viktig at ein ser utviklinga i Hjørundfjorden i ein heilskap, og legg til grunn det planen innleiar med, at Hjørundfjorden er eit område for landbruk og reiseliv. Det er i dette perspektivet grunnlaget for utvikling i fjorden er framtidsretta og berekraftig. Det vil seie ei arealutnytting som legg til rette for opplevingar, busetnad, reiseliv og landbruk i samspel. Vi kan ikkje sjå at oppdrettsnæringa er inkludert i dette.