Den 28. februar var Therese Lystad Holen vald til leiar i Bondalen frilynde ungdomslag - BFUL.  Ho har lenge tenkt at det hadde vore kjekt med noko som i alle høve kan likne på ein liten revy her i Bondalen, men så var det dette med kunnskap om slikt arbeid...

Men så fekk Therese kjennskap til at det no i helga skulle arrangerast teaterkurs i tekstarbeid, tekstframføring og regi i Hovdebygda i regi av Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag.  Til dette kurset fekk Therese med seg seks bondalingar.  I tillegg møtte entusiasten Perry Bjørke frå Bjørke.

august06 147

Den som leitar, finn her kurslærarane Beate Eriksen og Mats Ryste.  I tillegg kan ein finne kursdeltakarane Knut Hustad, Janne Solhaug, Jan Ole Valseth, Anne Åse Mo Kvistad, Therese Lystad Holen, Kåre Molvær, Unn Frøland og Perry Bjørke.

Det var ikkje berre hjørundfjordingar som deltok på dette kurset - deltakarane kom  både frå Ørsta, Mork, Vartdal og Valderøya.

Deltakarane på kurset fekk heilt klart erfare at teatermennesket Beate Eriksen kan sitt fag. Og når revymannen Mats Ryste assisterte frå sidelinja, seier det seg sjølv at dette vart eit svært inspirerande kurs, fortel Therews Lystad Holen til hjorundfjord.no.  Allereie i løpet av dei næraste dagane vil Therese kalle inn deltakarar på kurset og andre interesserte til det ho kallar eit myldremøte.  Det gjeld å smi mens jarnet er varmt, meiner Therese.