478,1 mm nedbør på Hustad i Bondalen i januar, opplyser vêrobservatør Anne Hustad til hjorundfjord.no.  I alle høve samanlikna med januar 2006 er det svært mykje.  Då var nedbøren berre på 79 mm.

Døgn med mest nedbør: 38,5 mm den 10.1. 07.

Mest snø:  78 cm den 28.1.07

Det var elles berre tre dagar utan nedbør på Hustad denne månaden. 

Som vi har opplyst tidlegare, måler ikkje Anne offisielle temperaturar for Meterologisk institutt.  Er du ein som noterer utetemperaturar, opplys gjerne om maks- og minimumstemperaturar i ein kommentar under.