The Kop

Frå utsida av Anfield; tribunedelen ”The Kop” på den eine kortsida, der dei mest ivrige supportarane ser kampane.

 

Engelsk fotball har hatt ein sterk posisjon blant fotballinteresserte i Norge  sidan tippekampane på Nrk starta opp mot slutten av 60-talet. Liverpool har vore ”klubben min” sidan eg gjekk på barneskulen på 70-talet. Alle med respekt for seg sjølve hadde sportsbag frå favorittklubben og spesielt Liverpool og Leeds stod sterkt heime i Bondalen og på Sæbø på den tida.  Fotball er alvor, og eg hugsar eg hadde eit ”blodig oppgjer” med nabo Jon Hustad på veg heim frå skulen ein vårdag på midten av 70-talet. Den oppgira ”diskusjonen” føregjekk ved mjølkebukken på Årset, og striden gjekk sjølvsagt på kven som var best av Liverpool og Leeds. Vel, Liverpool låg høgre på tabellen og raudfargen på Liverpool-bagen min var finare enn Jon sin blasse kvite….I tillegg var Kevin Keegan hakket betre enn Billy Bremner og eg var hakket eldre enn Jon, så han blødde nok hakket meir naseblod enn meg då me tusla heim til kvart vårt J  

 

Den legendariske Liverpool-manageren Bill Shankly (manager frå 1959-74) har sagt det slik:

Someone said ”football is more important than life and death to you” and I said “listen, it’s much more important than that” ! 

Supportersjappa

Statuen av Bill Shankly står utanfor inngangen til supporter-sjappa og LFC-museet på Anfield. På museet er bl.a alle pokalar Liverpool har vunne opp gjennom åra både i England og ute i Europa utstilde. Det er ikkje få….

 

Årets tur til Liverpool vart planlagd og bestilt allereie på seinsommaren i fjor. Det går direktefly  med Ryanair frå Torp, Sandefjord til Liverpool. Me valde lokalderbyet mot byrival Everton, då det som regel er god stemning i desse oppgjera.

Me var 4 stk frå same nabolag på Åskollen i Drammen (inkludert ein eksil-Bondaling) pluss 3 stk frå Trondheim. Trønderbataljonen viste seg å være eit friskt innslag på turen, og bidrog i høgste grad til god stemning heile helga.

 

Me var innlosjerte på hotell på ”Albert Dock” som ligg ved havneområdet i Liverpool. Dette er eit pent opparbeid område med hotell, restaurantar, barar og butikkar, og ligg i gåavstand til sentrum.  Beatles-museet ligg også på Albert Dock.

 Albert Dock

Utsikt frå hotellromet utover Albert Dock

 

Kontaktpersonen vår Billy møtte opp på hotellet med kampbillettane då me ankom fredag kveld, og stemninga vart ikkje akkurat dårlegare når me fekk konstatert at billettane var på tribunedelen til den mest ihuga Liverpool-fansen;  ”The Kop” bak det eine målet.

 

 Billettar

Gliset er stort når underteikna får billettane i handa fredag kveld.

 

Me drog tidleg opp til stadionområdet på kampdagen laurdag, og mykje folk hadde samla seg rundt Anfield allereie 3 timar før kampstart,  som var kl 12.45. Spesielt på puben ”The Albert”  som ligg heilt inntil Anfield er stemninga god før kamp. Me fekk pressa oss inn i det stinne lokalet og inntok ei øl der før kamp. Vegger og tak inne på The Albert er dekorerte med flagg, skjerf og emblem frå fotballklubbar over heile verda. Høgt opp på veggen fann me også skjerfet til vår lokale klubb heime ”Åskollen FK” i lag med mindre klubbar som Real Madrid og Juventus… Inne på The Albert bør vel ein Sæbø IL effekt eller drakt også etterkvart opp på veggen. Ei oppgåve for den lokale Liverpool-supportaren Rune Sæbønes ?

 The Albert

Fotballpuben ”The Albert” ligg vegg i vegg med Anfield Road.

 

Inne på The Albert

Ei kald øl inne på ”The Albert” før Liverpool-kamp er obligatorisk. Frå venstre;  Alf Ole, Erling, Terje og Inge

 

Ca 1 time før kampstart tok me ei runde rundt stadion og såg på minneplata som er reist til minne om dei 96 fotballtilhengarane som miste livet på Hillsborough stadion i Sheffield den 15 april 1989. Ein del av tribuna raste saman pga trengsel i FA-cup semifinalen mellom Liverpool og Nottingham  dette året.

 Liverpool memorial 

Minneplata etter Hillsborough-tragedien i 1989 der 96 supportarar miste livet.

 

Ein halvtime før kampstart er me inne på Anfield, og merkar no at spenninga stig. Me må bort til cornerflagget og ta eit bilete, berre ein meter frå grasmatta. Dette er Mekka for alle Liverpool-fans. Anfield Road vert rekna som den mest intime og stemningsfulle av alle engelske fotballstadion.  The Kop og tribuna elles fylles no sakte men sikkert opp inn mot kampstart, og stemninga er til å ta og føle på. Det er plass til ca 44.300 på Anfield, og når alle desse syng med på Liverpool sin kampsong ”You'll never walk alone” som vert spelt rett før avspark,  då vert klubbfølelsen endå sterkare og ei tåre må fellast….

 Anfield

Nærare Mekka for Liverpoolfans kjem du ikkje

 

Gutta er klare

Gutta er klare til kamp inne på Anfield. Frå venstre; Paal Smith, Terje Haugan, Eyolf Bratvold, Inge Forseth, Erling, Alf Ole Aarseth, (sistemann i reisefølget Arve Andersen er fotograf)

 

Eyolf og Arve 

Trønder-Eyolf og Åskollen-Arve med dårleg skjult

forventning før kampstart. ”Bleke, men fattet”

  Kop-flagg

Eit enormt flagg (på minst 15 x 25 meter) vert sendt rundt på

”The Kop” før avspark.

  Oppvarming

Liverpool-spelarane i oppvarming

 

Liverpool-Everton

Kampen vart diverre ikkje av dei beste og enda berre 0-0

 

Kampen enda diverre ikkje betre enn 0-0, og Liverpool sitt spel i denne kampen var ikkje av beste merke, men stemninga er så god på The Kop uansett at me er fornøgde likevel.

Resten av helga gjekk med til å sjå oss rundt i byen, litt shopping, sjølvsagt mykje pubbesøk og dessutan seriøs handling av Liverpool-effektar i supportersjappene både på Anfield og nede i sentrum. Kontinuitet er viktig, og alle passa på å handle drakter, skjerf og andre supportereffektar til søner og døtre heime. Dei får sjølvsagt velje klubb sjølve, men litt påverknad frå fedrene kan ikkje akkurat skade, he he….

 

Eg må ta med eit bilete frå fjorårets tur også for å understreke dette. Nokre av oss var på tur til Liverpool då også (1-0 siger mot Manchester City) Då hadde me med sønene våre, og dei er no sjølvsagt Liverpool-supportarar på livstid J

  Anders og Henrik 

Anders Aarseth (til venstre) og Henrik Haugan får oppleve Anfield allereie som gutungar. Bilete frå kampen mot Manch.City i februar 2006. Desse 2 karane er no blant dei mest dedikerte Liverpool-supportarar eg kjenner J 

  

Eg klarer ikkje å dy meg, men må også ta med eit bilete frå utdrikkingslaget til bror min Kjell-Johan,  i Florø i juli 2005. Dette er eit blinkskot.  Då var det kamp mellom gamle Liverpool-stjerner frå 80-talet mot tilsvarande stjerner fra Manchester United. Liverpool vann sjølvsagt kampen 5-1, og Kjell-Johan fekk dessutan ta straffe i pausa mot den legendariske Liverpool-keeperen Bruce Grobbelaar. Eg trur Kjellis var mest skjelven av dei 2 og bomma……Legg merke til den lokale Unitedsupportaren som har forvilla seg inn i biletet til venstre  J

 

Florø2005

4 stk som satte sitt preg på Florø i juli 2005. Frå venstre; Svein Jon ”KÅ” Holen, Jan Mølby, Kjell-Johan Aarseth, Ronnie Wheelan.