I går, laurdag den 3.2.07, vart bondalingen Astrid Hustadnes Wille nr. 3 i Noregsmeisterskapen i frisering som vart arrangert under messa Hår og Skjønnhet i Oslo Spektrum.  Astrid stilte i klassa "Brudefrisyre senior".  Astrid er elles innehavar av frisørsalongen Hairconsept i Volda.

hjorundfjord.no gratulerer så mykje. Astrid.  Dette var kjekt.

Tusen takk.  Ja, dette var kjekt - og ikkje minst overraskande.  Eg trudde aldri eg skulle nå så langt opp då eg såg dei andre kreasjonane i klassa mi. 

Ny Astrid

Astrid sin modell Lene Borgersen frå Ørsta.

Korleis såg dei ut?

Dei var langt meir luftige.  Vi tre som tok dei første plassane i klassa laga meir tradisjonelle frisyrer.  Det var tydelegvis det dommarane ville ha denne gongen.

Eg har fått opplyst at det var heile 12 frisørar som stilte i di klasse. Fekk du mange poeng?

Eg fekk 105 poeng.  Ho på andreplass fekk 107 og vinnaren fekk 115 poeng.  Men som nemnt, eg er svært godt nøgd med 3. plassen.  Og eg fekk både fin pokal og diplom i premie.

Astrid 001

Astrid 002

Over ser vi modell Lene og den flotte kreasjonen som sikra Astrid 3. plassen i NM i frisering - Brudefrisyre senior.

Er det mange nok bruder i Ørsta og Volda til at du kan leve av å lage flotte brudefrisyrer?

He, he.  Det er kanskje tvilsamt, men på Hairconsept lagar vi alle slags frisyrer.  Berre kom innom -  både gamle, unge, barn, menn og kvinner.

Men du vil vel oppfordre ugifte kvinner til å gifte seg no?

Gjerne det.  Og kjem dei til oss tre (pluss lærlingen) på Haiconsept, skal vi gjere vårt beste for å lage fine frisyrer.

Eg har ein kamerat som var høg og mørk, men no lysnar han i håret og håret tek til å tynnast...

Send han berre bort til oss.  Vi kan style han slik at han blir godt nøgd.

Kjem du til å stille i NM i frisering fleire gonger?

Gjerne.  Men først vert det nok å delta under Fylkesmeisterskapen i Ålesund i november.

hjorundfjord.no kan ikkje anna enn å gratulere så mykje ein gong til.  Og tusen takk til Astrid Hustadnes Wille for utlån av foto.