Jau, vi har fått det med oss; ikkje alt stoff er godt stoff på hjorundfjord.no.  Men kjendisstoff er lite omstidt - alle les Se og Hør.  Og ja, vi tok på oss oppgåva å finne fram til den mest berømte kjendisen frå Hjørundfjord - han er i ferd med å rykke opp i A-klassa.  Skeptisk?

Alle som ser på reklamefilmane på TV 2 veit om han - skeptikaren.  Det er han som får post, men som er skeptisk til det meste.  Nyleg såg vi han også i ei sentral rolle i programmet "Gullfisken" på TV 2.  Og ja, rykta har gått: Skeptikaren skal vere i eit bestemt hus på Bjørke. Ein slik stor kjendis måtte vi få autografen til.  Vi leigde inn M/S Hjørundfjord og skipper Roy Lillebø for å frakte oss raskast mogleg til Bjørke.

IMG_3891

Skipper Roy Lillebø lova å frakte oss raskt til det aktuelle huset på Bjørke.

Takka vere jungeltelegrafen, telefonar og rein etterforsking fann vi fram til det aktuelle huset, men ingen opna døra då vi ringde på.  Var det feil hus? Var skeptikaren reist?

Portalen 009

Låg skeptikaren inne i huset og gøymde seg tru?

Vi ringde på dørklokka fleire gonger, men ingen opna.  Ikkje ein lyd høyrde vi frå huset.  Vi gjekk rundt huset, vi banka på fleire vindauge, vi kasta småstein, men ingen reaksjon.  Måtte vi gå derifrå med uforretta sak?

Så - plutseleg opna ytterdøra seg litt på gløtt.  Vi har sett mange krimseriar på fjernsynet.  Straks døra opna seg litt, sette vi lynkjapt ein fot mellom dørblad og dørstokk.

 Portalen 008

Vi fekk raskt ein fot mellom dørblad og dørstokk.

No visste vi at vi ville få autografen.  Vi starta straks med direkte forhandlingar med han på innsida.

Er det du som er skeptikaren?

Nei...

Kven er du?

Namnet er Enok.

Enok?  Kjenner du skeptikaren?

Ja - eg er far hans.

Er Skeptikaren inne i huset ditt no?

Nei, han er nok der han bur - ved Stange på Hedemarken.

Det vart no ein lenger diskusjon.  Til slutt opna Enok døra. Det synte seg at han heitte Kippersund til etternamn.  Han opplyste også at Skeptikaren sitt rette namn var Magne, men det var altså uråd å få autografen hans.  Enok synte seg å vere ein grei kar og etter kvart lova han at vi kunne få autografen hans.  Dette aksepterte vi momentant.  Enok var tross alt far til Skeptikaren og Skeptikaren hadde nyleg vore på besøk.

Portalen 004

Løysinga vart at vi fekk autografen til far Enok Kippersund.

No trur vel kanskje nokre skeptikarar at vi fleipar, men nei.  Autografen til far Enok ser vi under her.  Det er ikkje kvar dag at hjorundfjord.no får autograf til ein mann som er far til ein B-kjendis og snarleg opprykkskandidat til A-kjendisklassa.

Ny enok

Stor takk til Magne Kippersund som har gjeve oss løyve til å bruke foto  av han her på hjorundfjord.no