Ja, ordet "fokus" er eitt av moteorda som vert brukt mykje.  Kven har ikkje i desse vinteridrettstider høyrt utsegna "vi må fokusere på arbeidsoppgåvene"?  Men i løpet av dei siste dagane er det mange som verkeleg har fokusert.  Knut Riise er ein av dei - og mange andre har følgt eksempelet hans.  Hald fram med det.  Vi snakkar om fotografering - og når ein fotograferer må ein fokusere.  Det som ein vil framheve på eit fotografi vil ein gjerne ha skarpt.  Det må vere i fokus.

I dag brukar mange digitale kamera.  Det er kameraet som kostar pengar, men det kostar heller lite å bruke det.  Så difor vert oppfordringa mi igjen:  Gjer som Knut Riise. Fotografer, og legg gjerne nokre bilete ut her på Hjørundfjordportalen. Vi som er brukarar av hjorundfjord.no vert ikkje leie av å sjå gode fotografi - og tenk t.d. på framtidige reklamebrosjyrer.  Under er nokre "frostfoto" frå i går og i dag.

IMG_4044

Her har eg fokusert på isjøkulane på stabburstaket.  Grøttdalstinden i bakgrunnen.

IMG_4046

Grøttdalstinden.  Isjøkular på stabburstaket i framgrunnen.

Kva er rett i fokusere på?  Tja, eg trur dei fleste av oss vil fokusere på sola  - og kanskje morgonsola - som på dei to fotoa over.

IMG_4050

Jau, det er sol på dette fotoet også.  Men frostrøyk gøymer delvis Lekneset.

IMG_4051

På Sæbøneset er dei stolte av sola si.

I går snakka eg med Olav K. Walseth og Nils Aklestad (han er sikkert i Skottland i kveld).  Begge desse to bur på Sæbøneset - og dei er stolte over kor mykje sol dei har.  Eg forstod det slik at føremiddag i går hadde dei så mykje sol at dei måtte opne eit par vindauge i husa sine p.g.a. varmen...

IMG_4054

I desse dagar får vi på Årset også sola i Kvistaddalen.  Men det er ikkje damp frå varme vi ser nede ved Årsetbrua...

IMG_4057

Bondalselva er litt kald til å bade i.

IMG_4059

Skal eg prøve med tunga på rekkverket?

IMG_4056

Vi får tru at dompapen greier seg utan sol ei stund til.  Men pass på at det er nok mat på fuglebrettet.

IMG_4057

Siste rest av sola i ettermiddag.  Vi slepp nok å bruke solkrem med svært høg solfaktor ei stund til.  Er det nokon som kjenner att fjellet tru?

IMG_4058

Eit kjent motiv.

I ettermiddaga var det ei stund nokre få skyer.  Då eg i fem-tida kom ned frå skisenteret, såg eg desse vakre fargane som du ser på fotoet over.

IMG_4063

Ikkje så vakkert akkurat...

Då eg stoppa på riksvegen for å fotografere, kom eg til å stå rett under kraftlinjene.  Då kunne eg slå fast at det var ekstra kort avstand opp til linjene/fasane.  Kvifor?  Det hang ikkje tung snø på dei heller.  Har linjene forstrekt seg i kulden?  Ein gong i tida gjekk eg  reallinja på Volda gymnas.  Eg burde nok såleis  ha visst svaret...  Men eg feit om fleire som jobbar i Tussa og som sikkert kan gje ei god forklaring her.

P.s.:  I dag har eg lært noko nytt av Ivar (Svein Mo).  Eg har lært å lage rame på bileta eg set inn.  Er eg ikkje flink?