På dei 25 listene eg har lagt ut i Ørsta kommune og i dei nærast kringliggande kommunene, har til no om lag det same antal protesterande som her på portalen skrive under.Tilsaman om lag 700. Langt over det eg trudde på! Enkeltunderskrifter her på portalen representerar i mange høve mange fleire. Lag, firma, overnattingsstadar, m.m.    Hjørundfjorden ligg no "jomfrueleg" til for oppdrett. Nasjonalstatus ville seie at nye oppdrettslokalitetar  " i all framtid" var forbode i fjorden. (Statsråd i desember f.å.)  Aksjonen er halmstrået som førebels kan oppretthalde dette. Det avgjer Ørsta kommune!  Hjørundfjorden sin nasjonale status var avhengig av Bondalselva sin. Og omvendt.  Dette hang nemleg saman! Vart ikkje Bondalselva nasjonalt laksevassdrag, vart heller ikkje Hjørundfjorden nasjonal laksefjord! I denne saka  var det ikkje eit "anten-eller,"men eit "både-og!" Artgumenterte ein imot Bondalselva som nasjonaelv, gjorde ein det same mot Hjørundfjorden sin nasjonafjordstatus. Denne aksjonen ville ikkje ha "sett dagens lys" om Bondalselva var blitt nasjonalelv. Då ville oppdrettsnæringa vere utelukka frå Hjørundfjorden! Som eg er overtydd om at elva hadde blitt  om Ørsta kommunestyre hadde latt vere å gå imot! Som eg i tidlegare innlegg har skrive: Bondalselva hadde passert nålauget. innstilt som ho var til nasjonalelv. (Etter ein 6 år lang prosess.) Berre "sandpåstrøinga" stod att i Ørsta kommunestyre...

Denne aksjonen  held fram ut første veka i mars.